Det vart gjennomført Superhelg 9.-11. februar på Åfarnes. Aldri før har så mange vor samla til denne helga. Helga besto av styrevervs opplæring, plakettfest og fylkesårsmøte.
Kurs
145 stykker budde på skulen på Åfarnes og deltok på ulike kurs for styremedlemmar.
Gjennom kursa fekk deltakarane eit innblikk i korleis vere ein god leiar for klubben, skrive gode referat, føre rekneskap og korleis styremedlem bør kunne litt av alt innan styrearbeid. Her var læringskurva bratt, men tilbakemeldingane har vore gode.
Dei medlemmane som hadde gjennomført eit kurs i sitt verv, men som ønska anna fagleg påfyll, kunne melde seg på friluftshelt eller trivselsagentkurs.
Vi rettar ein stor takk til dei flinke instruktørane som delte av sin kunnskap.
- Leiarkurs/nestleiar: Marita Nauste Hamre og Line Nauste Hamre
- Kasserarkurs: Hans Ole Hatle og Brage Nogva Strand
- Sekretærkurs: Andrine Ljotebø-Krokå og Hege Einset
- Styremedlemskurs: Hanne Mette Hatle, Emil Andre Hatle og Tea Aasen
- Friluftsheltkurs: Sofie Hamre og Iver Hamre
- Trivselsagent: Tare Reklev Øverbø og Tore Gunnerød
- Vaksenleiarkurs: Ragnhild Bjørkedal og Synnøve Jørgensen
- Kursadministrator: Hans Ole Hatle
Hans Ole takkar kursinstruktørane(ikkje alle var tilstades)
Plakettfest
Laurdag var det Plakettfesten på Strandheim grendahus. Tilsaman var det 170 stykker som var med å feira dei 19 plakettmottakarane frå fylke i år. Ragnhild Bjørkedal frå fylkesstyret losa oss gjennom ein fantastisk fest med nydeleg middag og dessert. Det var talar og mykje ros til plakettmottakarane. Anniken Solli-Mork song for oss. Vitnemål og plakettar vart delt ut av varaordførar i Rauma kommune, Jan Petter Valde.
Åretsklubb fekk og utmerkelse på festen. I år var det Klurtolla 4H som fekk denne heiderstittelen, for sitt gode arbeid gjennom 2023.
Saman koste vi oss i flott omgjevnadar med god mat, underhaldning og flotte samtalar, mange trefte igjen gamle kjente og kunne mimre over eit flott 4H-liv så langt.
Gratulere så mykje til alle plakettmottakarar med vel gjennomført 4H-løp, plaketten og vitnemål.
Takk for ein fantastisk og heilt super innstas så langt, håpar vi ser deg vidare i 4H.
Årsmøte
Søndag vart det gjennomført årsmøte for 4H Møre og Romsdal. Mange delegatar var på talarstolen og la fram saker og stillte spørsmål.
Det vart valt nye representantar til fylkesstyret, og vi ønskjer å rette ein stor takk til dei som gjekk av. Det har vore mange fine stunder i lag med dette styret, og mange fine arrangement og oppfølginger har blitt gjennomført.
Vi ser no fram til eit nytt år i 2024, og ønskjer det nye styret velkommen, og masse lykke til i dykkar nye verv.
Fylkesstyre i 4H Møre og Romsdal:
- Leiar (1 år): Ragnhild Bjørkedal (attval)
- Styremedlem (2år): Ann Iren Lislien (ny)
- Styremedlem (1år igjen): Silje Stadheim (ikkje på val)
- Styremedlem (2år): Malene Hoem (ny)
- Styremedlem (1år, supleringsval): Sofie Hamre (ny)
Vara for fylkesstyret:
- 1. vara (1 år): Hans Ole Hatle(ny)
- 2. vara (1 år): Olivia Garli Bjørdal(ny)
- 3. vara( 1 år): Brage Nogva Strand (ny)
Sofie, Malene, Marita, Brage, Olivia, Ragnhild, Silje, Ann Iren, Hans Ole