DISTRIKTSLEIR 4H 2023

Velkommen til distriktsleir hos Spretten på Vikse 2-4 juni!

Leiren er for aspirantar og 1 og 2 årsjuniorar, og skal haldast ved Vikse skule i Sveio kommune. Teltplassen blir på mjuk grus og er litt liten, så tenk flest mogleg i kvart telt.

 

Leiravgifta er kr. 600,- + eigenandel på nokre av aktivitetane. Leiren er gratis for leiarane. Det må være med minst ein leiar pr. åttande deltakar.

Har klubben underhaldningsinnslag til laurdagskvelden, er det flott.

Gje beskjed dersom nokon har allergi og spesielle behov/sjukdom ved påmelding, slik at vi kan ta omsyn til dette. 

 

Medlemmane må velje 3 aktivitetar pga. nokre kurs fort kan bli fulle. Her gjelder det å være fort ute med påmelding. Påmelding sendast samla frå kvar klubb, og må innehalde namn på deltakar, fødselsdato og aktivitetar 1,2,3. 

Samla innbetaling frå kvar klubb til konto nr: 3240.10.34403 merka med klubbnamn. 

Påmeldinga sendast til leiar Hans Ole Ness Emberland mail: honember@gmail.com

Kontaktperson for spørsmål om leiren og kurs mm: Anne Ness Emberland, nr 95947908

 

Påmeldingsfrist: 25.mai, 2023

 

Hjarteleg velkomen!  

Helsing Spretten 4H


 

FAGAKTIVITETAR

1) Paintball. Eigenandel 400 kr

2) Sjøfiske. Max 7 stk.

  1. Hest og riding. Max 15 stk. Eigenandel: 300 kr pr. pers
  2. Gardsbesøk på Vikse. På garden er det ku, kalv, høner, gris, sau, lam, og katt. Det vert og ulike aktiviteter på garden.
  3. Tur i nærområdet i fine turløyper. Ta med tursko og turkler.
  4.  Volleyball. Ta med innesko, treningskle og drikkeflaske
  5.  Baking/matlaging. Max 12 stk. Ta med forkle.

8)  Fotball. Ta med fotballsko, treningskle og drikkeflaske.

 


PROGRAM                                                                                            

Fredag: 

18.00-19.00 Frammøte og oppsetjing av telt

19.00-20.00 Kveldsmat

20.00 Opning av leiren, litt underhaldning og kiosk

22.00 Leiarsamling og drøs rundt bordet. Påmelding av lag til volleyballturneringa og underhaldning til laurdagskvelden. 

23.00 Ro i leiren!

 

Laurdag:

08.00 Vekking-flaggheising

08.30-09.30 Frukost og smørjing av nistemat til fagaktivitetane. 

09.45 Alle må være klare på skuleplassen!

10.00-14.30 Aktivitetar

15.00 Mat på skulen

16.00 Volleyballturnering – Natursti

19.00 kveldsmat 

20.30 Underhaldning og kiosk. Det blir tema for antrekk for kvelden. Meir info kjem ?

22.00 Leiarsamling

24.00 Ro i leiren!

 

Søndag:

08.30 Vekking

09.00-10.00 Frukost

10.00  Avslutning og rydding av leiren

10.30: Vel heim

 

Dette må du ta med deg:

Telt

Sovepose/pute/teppe og liggeunderlag

Toalettsaker

Klede og sko etter værforholda og etter fagaktivitetane

Lommepengar. Me har mykje spanande i kiosken  

Og sjølvsagt: Masse godt humør