
4H-klubbar og 4H-gård kan søkje om støtte til aktivitetar med naturen som arena.
4H-klubbar og 4H-gardar kan søkje om midlar til å arrangera friluftsleikar, lokale aktivitetsdagar og kurs med tema friluftsliv og/eller berekraftig handling for natur og miljø. Vi ønskjer å skape fleire gode opplevingar i naturen for våre medlemmar, samt gjere barn og unge bevisst på kva for ansvar dei har overfor naturen.
Det er mogleg å søkje om støtte til desse fire aktivitetane:
- Kurs/aktivitet (inntil 3 timar): kr. 2000,-
- Dagsarrangement: kr. 4000,-
- Arrangement med overnatting: kr. 6000,-
- Arrangement over fleire dagar/helgearrangement: kr. 8000,-
Søknadsfrist: Årets aktivitetsmidlar deles ut fortløpande etter "førstemann til mølla"-prinsippet, så her gjeld det å væra raskt ute. NB: Kun éin søknad pr. 4H-klubb/4H-gard.
Rapporteringsfrist: 15. oktober. Pengane utbetalast først etter at rapporten er levert.
Søk og rapporter her: