Årets 4H-lodd kom seint, og mange må derfor legge nye planar for loddsalet. Fristen for siste salsdag er sett av lottitilsynet og derfor framleis 15. september. Vindauge er derfor lite, så her må vi tenke kreativt!
10 tips til sal av 4H-lodd
1. konkurranse i 4H-klubben
Kven/kva gruppe sel flest lodd?
2. Loddsal som klubbaktivitet
Bruk eitt av klubbmøta i mai til loddsal. Kanskje litt mat etterpå?
3. Loddsal og stand
Lag ein stand der de viser fram 4H og loddsal. Inviter barn til enkel aktivitet og tilby dei vaksne å kjøpe lodd. Sett opp standen ein stad der mykje folk går forbi. Kanskje den lokale butikken eller på ein lokal festival/bygdedag?
4. Inviter folk i nærmiljøet til eit arrangement
Legg inn eitt lodd i inngangsbilletten.
5. Spør ein lokal bedrift
Mange bedrifter sponser lokale foreninger. Kanskje nokon heller vil kjøpe lodda dykkar? Skrapelodd kan vere ein fin sosial aktivitet for dei tilsette...
6. Boller og lodd for sal
Bak boller eller kaker, bland saft og spør om de kan selje dette ein stad der det er mykje folk. Ta litt ekstra betalt slik at du kan gje alle kunder eit lodd.
7. Sal av lodd på sosiale media
Under pandemien var det mange som selde lodd på til dømes Facebook. Dersom medlemane er over 13 og har lyst til å selje lodd på sosiale media, kan "skrapevideoar" til dei som har kjøpt lodd framleis vere ein god ide.
8. Tilby dugnadsjobb
Kanskje nokon treng litt hjelp? Tilby enkle dugnadsoppdrag for kjøp av lodd.
Til dømes: 5 lodd = handle på butikken, 10 lodd = kosting av gårdsplass, 20 lodd = kakebaking
9. kjøp lodd - klubben gjer ein utfordring
Ved kjøp av til dømes 10 lodd lover klubben å gjennomføre ei utfordring. Kanskje bade i iskaldt vatn, få 15 4H-arar inn i ein bil, ete ei skive med rart pålegg...
10. Loddsal på sommaravslutninga
Inviter til sommaravslutning med føresette. Loddsal er fin aktivitet.
Treng du meir info om landslotteriet i 4H? Les her.