Velkomen til inspirasjonssamling! 

8. - 10. januar inviterer vi alle vaksne og engasjerte 4H-arar til helgesamling på hotell Scandic Seilet, Molde.

I år skal vi ha hovudfokus på det som skjer i klubben. Vi skal erfaringsutveksle i grupper, lære meir om bruk av den nye digitale plattforma for 4H-prosjekt, oppleve og lære om spennande uteaktivitetar og ikkje minst få høyre meir om korleis klubben kan bli med i prosjekta Draumeplassen og Fritt fram i friluft. 

Liljen 4H 

Liljen 4H har vore "testklubb" for den digitale prosjektplattforma til 4H Norge. Dette har gjeve dei ei unik erfaring. Vi er heldige som har moglegheit til å lære av dei! 

Friluftsheltane våre

Kvart år sender 4H Møre og Romsdal ungdomar på instruktørkurset "friluftshelt" i regi av 4H Norge. Dersom alt går i boks, er det desse som skal aktivere oss utomhus laurdagen. 

Karianne Ellefsen Skotte

Er prosjektleiar for Draumeplassen og Fritt fram i friluft. Ho vil på søndagen fortelje om prosjekta og ikkje minst lære oss meir om korleis naturen kan vere ein super læringsarena. 

Overnatting: På grunn av korona-pandemien blir enkeltrom standard og prisen lik for alle. Vi ber alle "nærkontaktar" som gjerne vil ha dobbeltrom, velje dette i påmeldingsskjemaet. Skriv kven du vil dele rom saman med i feltet "melding til arrangør". 

Påmeldingsfrist: 6. desember 2020

Pris pr person: kr 2500

 

Program 

Fredag 

1900

Middag

2000

Velkommen, praktisk info. og presentasjon

2030

Gruppearbeid med tema drift av 4H-klubben

 

Laurdag

0930

Digitale prosjekt

1230

Lunsj

1330

Uteaktivitet

1700

Litt å bite i

1730

Info fra fylket

1800

Pause

2000

Middag og «Hatteparty»

 

Søndag

0930       

Naturen som læringsarena

Draumeplassen

Fritt fram i friluft

1230

Evaluering

1330

Lunsj og heimreis