Velkommen til fylkesleir i Straumsnes!

Hald dykk fast! Påmeldinga til årets fylkesleir er opna. Nokre av aktivitetane har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å meld deg på om du skal vere sikker på å få førstevalet ditt. 

Du er hjarteleg velkommen til fylkesleir. Det blir tre dagar med spannande aktivitetar, tevlingar og mykje sosialt samvær. Du treffer igjen gamle 4H-vener, og blir kjent med nye frå heile fylket.  

#Velkommen til fylkesleir i Straumsnes

#Praktisk informasjon

   #Leirområdet

   #Vegbeskrivelse

   #Volleyball og tautrekking

   #Tun

   #Miljøtorg

   #Kiosk

   #Vaksne leiarar

#Påmelding & Pris

#Hugseliste

#Program

#Aktivitetar

#Sponsorar

 

 

Praktisk informasjon

Leirområdet

Leiren ligg ved hallen Nordmørshallen, Straumsnesvegen 353. Teltplass vert på ei fin grassmatte på Straumnes stadion.  

 

Vegbeskrivelse 

Med utgangspunkt i Krifast i Gjemnes kommune. Kommer du over Gjemnessundbrua,E39, eller gjennom Krifasttunnellen frå Kristiansund, tar du av mot Sunndalsøra i rundkjøringen. Kjør 13,1 km til du kommer til Øydegardskrysset. Sving til venstre i retning Trondheim og fortsett på E39, kjør 3,6 km til du har Straumsnes skole på venstre side og Nordmørshallen på høyre side. Ta av til høyre, der finner du leirområdet ved Idretts og skytterhuset, Leite og Nordmørshallen.  

Kommer du frå Sunndalsøra/Tingvoll tar du av til høgre i Øydegardskrysset og følger vegen i retning Kanestraum/Trondheim 3,6 km til du kommer til leirområdet som beskrevet ovenfor.  

Kommer du fra Halsa(Heim kommune, følger du E39 i 5,2 km fra du kjører av ferga på Kanestraum til du kommer fram til leirområdet.  

Bruker du GPS, er adressen Straumsnesvegen 353 

 

Volleyball og tautrekking  

Det blir turnering i både volleyball og tautrekking.  

I volleyball er det to klassar; aspirantklasse og junior/senior-klasse der det vert kjempa om vandrepokal i begge klassar. Innmelding av lag seinast fredag kl. 22.30.  

 

Tun  

Vi skal dele opp leirområdet i tun. Tunet består som regel av fleire klubbar, men alle i same klubb får bu i same tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren.  

 

Miljøtorg 

Tradisjon tru stiller Moral 4H med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, moraltoast, vaffler og moralis. Miljøtorget er ein samling plass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løp av leiren for plutsleg blir det sett igang ein leik, dans, quiz eller anna morsom aktivitet. 

Her blir det mogleg å betale med kontanter eller VIPPS. 

  

Kiosk

Det blir kiosk i leiren, med sal av frukt og grønt i tillegg til dei tradisjonelle kioskvarene.  Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant.   

 

Vaksne leiarar  

Det bør vere ein vaksen pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb. Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten- andre halvparten, meld i så fall på berre ein leiar og gi beskjed til leirkontoret ved bytte).  

 

4H-klubben betaler for dei vaksne leiarane. Leiarane melder seg på i eiga påmelding med litt seinare frist enn for medlemmane.  

 

Påmelding & Pris  

Deltakaravgift: kr 800  

Leiar kr 500  

Landsleirdeltakar/alumn kr 400 

Søsken under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitet: kr. 500,-  

(Ved påmelding meld desse på «4H Møre og Romsdal – Fylkesleir 2022, leiar») 

Dei vaksne skal ikkje velje aktivitet, dette for å ikkje ta opp plassane til medlemane. Vi vil plassere etter behov – har du spesielle ynskjer kan du føre det på i fritekstfeltet.  

Også i år skal alle medlemmer melde seg på kun ein aktivitet. Dersom det blir fullt på ditt ynskje får du beskjed med ein gang og du kan velje på nytt.  

Påmeldingsfrist 1. juni for medlem og 5. juni for vaksne. Fristane er endelege!  

Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbelt uansett grunn.  

Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut - må leirkontigenten betalast likevel. Dette fordi vi etter den datoen bestilte mat og aktivitetar. 

Påmelding for leiarar/vaksne, evt barn under 4H-alder

 

Hugseliste 

  • Telt (og plast/presenning)  

  • Sovepose og liggeunderlag  

  • Regnkle, gode sko og støvlar  

  • Varme kle  

  • Lette kle 

  • Toalettsaker  

  • Tallerken og bestikk til middag  

  • Mat til brødmåltida (lurt å avtale innadi kvar klubb) 

  • Matboks og drikkeflaske til lunsj  

  • Enkelt førstehjelpsutstyr  

  • Nødvendig medisin  

  • Solkrem og myggmiddel  

  • Liten sekk til å ha verdisaker i  

 

Program  

Fredag 24. juni  

Frå 15.00 Frammøte og leirbygging  

19.00 Servering av varmt måltid  

20.30 Opning 

21.00 Bli-kjent i hallen 

22.00 Leiarsamling 

22.00 Miljøtorget opnar 

24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2010 eller seinare 

01.00 Miljøtorget stenger 

 

Laurdag 25. juni  

08.00 Vekking & frukost 

09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl.  

-15.30 Aktivitetsdag  

Lunsjpause når det passar 

16.00 Middag 

Samling for Landsleir deltakarane i Miljøtorget  

17.00 Volleyballkampane startar. Andre aktivitetar for dei som ikkje spelar.  

19.00 Kveldsmat 

20.00 Underhalding   

22.00 Leiarsamling 

22.00 Miljøtorget opnar 

24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2010 eller seinare

03.00 Miljøtorget stenger 

 

Søndag 26. juni  

08.00 Vekking & frukost 

09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl.  

09.30 Volleyball og tautrekking 

12.00 Rydding 

13.00 Premieutdeling & avslutning 

13.30 Middag – Vel heim! 

 

Aktivitetar

Alle aldersgrenser gjeld for det året du fyller alderen, til dømes det året du fyller 12år. 

1. Tingvoll museum

Her får du reise på besøk til Tingvoll museum, det er ein autentisk gard som ligger i lia over Tingvoll. Du kan delta i kulturhistoriske aktivitetar og moglegheita til å gå 100år tilbake i tid å leve deg inn i  leve inn i den kvardagen som var då. Skulefrøkna tek deg inn i gamle hus og med på ein skuletime i gamle dagar, eller kanskje ta turen til husmannsstua og sjå korleis dei hadde det der.

Du kan velje mellom mange kjekke aktivitetar, du kan bake flatbrød og steike i ope grue, lage ein liten kost av bjørnemose, gå til smia og prøve å smi, eller skyte med pil og boge.

Les meir om Tingvoll museum her.

2.Kajakk – eigenandel 200kr – aldersgrense 12 år - AKTIVITETEN ER FULL

Her får du eit leikebasert opplegg der du vil sitte igjen med god kompetanse på framdriftstak og svingtak, lære redningsteknikkar  og til slutt få våtkort. Trond Eri frå Kajakkompaniet er kursinstruktør, her kan du lese meir.

3. Volleyball

Er du interessert i volleyball, ynskjer å bli betre, men samtidig ha det kjekt? Då er dette aktiviteten for deg. Det blir leik og moro med ball i Nordmørshallen rett ved leiren. Aktiviteten vil ta for seg dei grunnleggande teknikkane i volleyball, i tillegg til litt taktikk og mykje spill. Ta med klede som er gode å bevege seg i. Aktiviteten passar alle nivå og aldrar.

4. Dans

Er du glad i å bevege deg til takt og tone? På denne aktiviteten blir det dansing med enkel koreografi til fengande musikk.  Aktiviteten består av ein salsation time der du får lære 2-3 koreografiar frå grunnen, deretter blir det Workshop i dans. Det er ein miks av mange forskjellege rytmer og musikalske stilar. Det blir ei morsom trening gjennom dans med enkle trinn i koreografi til fengande musikk som passar for alle med eller utan noko erfaring med dans.

5. Bordtennis – aldersgrense 10år - AKTIVITETEN ER FULL

I gymsalen til Tingvoll barne- og ungdomsskule vil du få innføring grunnleggande teknikk, reglar og sjølvsagt skal det spelast bordtennis.

6. Golf – Aldersgrense 10år - AKTIVITETEN ER FULL

Likar du golf eller er du nysgjerrig på å få prøve? Her får du prøve å spele golf, lære om utslag og putting, og bli kjent med golfbana på Øydegard saman med Tingvoll Golfklubb, her kan du lese meir.

7. Klatring – eigenandel 200kr – Aldersgrense 13år

På denne aktiviteten får du klatre, både sportsklatring og buldring inne i Nordmørshallen. Du får og lære om sikkerheit, knutar og sikring. Du vil få låne alt av utstyr, men har du klatresko og kalkpose så er det fint om du tek med.

8. Båt og kystkultur med utrorslaget

Likar du båt, livet på og i sjøen? På denne aktiviteten får du truleg prøve noko du aldri har prøvd før, du får segle og ro med Geitbåt. I tillegg blir det fisking med garn og teiner. Du får lære om geitbåten sin historie og beskrivelse av gamle reiskapar.

9. Skyting – aldersgrense 12 år eller gjennomført skyteskule - AKTIVITETEN ER FULL

Her får du vere med Aspøya og Straumsnes skyttarlag. Aktiviteten skal vere på nye baner i Nordmørshallen rett ved leiren. Sjølve skytebana er 15 meter brei og 25 meter lang. Her får du lære om våpensikkerheit. Du vil lære og prøve å skyte med salonggevær, det vil bli skyting på blink.

10. Fjelltur

På denne aktiviteten får du vere med trimgruppa på ein kjempe fin tur. Turen går til Fløystadfjellet (660moh) med retur via Herresdalen.

11. Kunstverkstad – eigenandel 50kr – aldersgrense 12år (6.klasse)

Er du glad i å vere kreativ, og skape ting så er dette aktiviteten for deg. Her vil du få prøve grafisk trykk, mono- og linotrykk og lage skulpturar av naturmaterialer. Kreative og inspirerande Christin Løkke frå  Tingvoll kulturskule er kurshaldar, sjekk ut Instagramen hennar @christin_lokke_art

12. Friluftsliv & mat på bål

Likar du å vere ute i naturen? Då er dette aktiviteten for deg. Her får du lære om naturen vi har rundt oss, og om kva ressursar som finnast. Du vil få lære kva vi kan bruke av det vi finn i naturen, både til å ete og andre ting. I tillegg får du lære deg å tenne bål, kva som må til for å halde liv i eit bål og få eit bål som er godt eigna til å laga mat på.

13. Alumn

Er du Alumn i fylket og ønskjer ein aktivitet retta mot di aldersgruppe? Da er dette aktiviteten for deg. Konkrete aktivitetar er ikkje laga så langt, men vi garanterer at det blir sosialt og morro!

Påmeldingsfrist for deltakarar 1.juni 
Påmeldingsfrist for leiarar 4. juni

 

Sponsorar - Grimstadhøgda 4H er veldig glad for å ha fleire med på laget!
Vi er veldig glad for at RETURA står for renovasjon under årets fylkesleir!

Logo - Tingvollost

Logo - Sparebank Nordmøre

RETURA - Ditt lokale avfallsselskap

Logo - Bunnpris

Logo - Matkroken Kvisvik