-
vil utvikle 4H som organisasjon
-
har tid og lyst til å delta på fylket sine arrangement
-
prioriterer deltaking på dei 8 styremøta og fylkesstyreopplæringa høgt (vi lager møteplan for heile året)
-
er alltid godt førebudd. Spør dei tilsette eller andre i fylkesstyret om hjelp!
-
har lyst til å bli kjent med mange engasjerte 4H-arar over heile landet
-
sjekkar e-posten ofte
-
bidrar aktivt i diskusjonar
-
arbeider med tildelt ansvarsområde/oppgåve mellom møta
-
har lyst til å lære masse!
-
har tid til nokre haustfestar og klubbesøk i løpet av året, anten åleine eller saman med andre frivillige eller tilsette
-
er interessert i å representere 4H på arrangement i regi av andre. Til dømes messer eller konferansar.
-
Kva er styreleiar sine oppgåver?
Leiar
-
er øverste sjef i styret
-
er eit førebilete og synleg leiar for medlemane i fylket
-
har tett samarbeid med nestleiar
-
har ansvar for å skape godt samarbeid i styret
-
syt for at ting som er bestemt, faktisk blir gjennomført
-
er den som tenker overordna og langt fram; korleis vil vi at 4H skal vere om 5 år?
-
kallar inn til styremøta og førebur sakene
-
syt for at møta blir leia på ein god måte
-
representerer fylkesleddet eksternt (kan uttale seg på vegne av fylkesstyret)
-
har prokurarett (kan signere på til dømes avtalar og søknader)
-
har tett samarbeid med regionkoordinator
-
har tett samarbeid med organisasjonsrådgjevaren i fylket med ansvar for å følge opp styret
-
deltar på møter med kontaktperson i sentralstyret (4H Norge)
-
deltar i ulike samarbeidsforum med dei andre fylkesstyreleiarane
-
-
Kva er oppgåvene til ordførar og kontrollkomite?
Ordførar
- leier fylkesårsmøtet etter gjeldande vedtekter og tradisjon
Kontrollkomiteen (3 personar)
- kontrollere at arbeidet i fylkesstyret går slik som det skal. Det inneber å lese gjennom referata, og andre utsendte dokument som kjem på mail gjennom heile året
- kontrollere økonomien til fylket og sjå om dei syns pengebruken er tilfredsstillande
- før årsmøtet skrive ei utgreiing om korleis dei syns arbeidet til fylkesstyret har gått, samt korleis økonomien går.
- Minst eit medlem i komiteen må vere til stades på årsmøtet for å leggje fram utgreiinga
-
Korleis er arbeidsfordelinga i styret?
På årsmøtet blir det valt ein leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer. I utgangspunktet er det leiaren og styremedlemmane som utgjer styret og har stemmerett på møta, men det svært vanleg å inkludere også varamedlemane i arbeidet.
Alt styret vedtar og gjer, er eit felles ansvar. For eit best mogleg samarbeid, treng vi å fordele oppgåvene. Like etter årsmøtet fordeler styret roller og ansvarsområder mellom seg. Fordelinga skjer etter interesse og kompetanse.
Nestleiar
- er leiaren si høgre hand og samtalepart. Er leiaren borte, er det nestleiar som leier møtet
- hjelper til og overtek gjerne nokre oppgåver, dersom leiar har for mykje å gjere
- held seg oppdatert
Økonomi
- rapporterer til styret om økonomisk status på kvart styremøte
- har oversikt over og kontakt med alle som har økonomiansvar i prosjekt/arrangement/tiltak
- har tilgang til alle underbudsjett og har kontroll på at desse blir fulgt opp og justert
- får tilsendt rapportar frå rekneskapsførar
- årsavslutning
- presenterer årsrekneskapet på årsmøte
Informasjon
- ansvar for å skrive referat frå styremøta
- følger med på at nettsida alltid er oppdatert. Seier frå til tilsette dersom noko bør utbetrast
- ansvar for at blir utarbeida planar for publisering på sosiale media
- ansvar for at det blir utarbeida ein informasjonsplan for fylke og passer på at denne blir fulgt
- har kontakt med redaktør for medlemsbladet 4H-Knask
Arrangement (blir delt mellom fleire)
- har ansvar for at styret er oppdatert på korleis arbeidet med dei ulike arrangementa går, eventuelt formidle spørsmål og innspel til/frå aktuell komite
- i samarbeid med tilsette, syte for at arrangementskomiteane får den opplæring som trengs
- syt for at det alltid er ein eller fleire som representerer fylkesstyret på dei store arrangementa; er synleg for medlemane, alumnklubben og arrangørkomiteen
4H-gard
- passar på at 4H-garane i fylket er synlege i sine informasjonskanalar
- passar på at fylket alltid har fokus på rekruttering av nye gardar
- passar på at alle 4H-gardane er godkjent (godkjennes for 5 år om gongen)
- følger med på det som skjer i 4H-gård Norge
- ansvar for at styret alltid er oppdatert i forhold til 4H-gardsarbeidet
I tillegg til dette, dukkar det opp prosjekt og tiltak gjennom året.
-
Kva er forventningane til tillitsvalde i fylkesstyret?
-
vil utvikle 4H som organisasjon
-
har tid og lyst til å delta på fylket sine arrangement
-
prioriterer deltaking på dei 8 styremøta og fylkesstyreopplæringa høgt (vi lager møteplan for heile året)
-
er alltid godt førebudd. Spør dei tilsette eller andre i fylkesstyret om hjelp!
-
har lyst til å bli kjent med mange engasjerte 4H-arar over heile landet
-
sjekkar e-posten ofte
-
bidrar aktivt i diskusjonar
-
arbeider med tildelt ansvarsområde/oppgåve mellom møta
-
har lyst til å lære masse!
-
har tid til nokre haustfestar og klubbesøk i løpet av året, anten åleine eller saman med andre frivillige eller tilsette
-
er interessert i å representere 4H på arrangement i regi av andre. Til dømes messer eller konferansar.
-
-
Kven er fadder for klubben din?
Fadderordning
Styremedlemmene har ekstra kontakt og fokus på sine fadderklubbar.
klubbnr Klubb Fadder frå fylkesstyret 11021 Skogstjerna 4H, Ualand Helle Skretting 11043 Bjerkerota 4H, Bjerkreim Helle Skretting 11031 Firkløveren 4H, Gjesdal Helle Skretting 11064 Bjoa 4H, Bjoa Rune Bråthen 11011 Freidig 4H, Vats Rune Bråthen 11052 Solstråle 4H, Sandeid Rune Bråthen 11026 Falken 4H, Vikedal Rune Bråthen 11030 Hauk 4H, Imsland Rune Bråthen 11059 Skjold 4H, Skjold Rune Bråthen 11028 Sjøglimt 4H, Brusand Jørgen Tuen 11010 Solglimt 4H, Vigrestad Jørgen Tuen 11037 Svala 4H, Varhaug Jørgen Tuen 11022 Vigre 4H, Vigre Jørgen Tuen 11015 Bygdevon 4H, Sand Iris Merete Natten Frydenlund 11023 Snøklokka 4H, Suldalsosen Iris Merete Natten Frydenlund 11057 Fjellbjørka 4H, Nesflaten Iris Merete Natten Frydenlund 11002 Ørnen 4H, Jelsa Iris Merete Natten Frydenlund 11044 Vannlilja 4H, Vanvik Iris Merete Natten Frydenlund 11016 Frisko 4H, Erfjord Iris Merete Natten Frydenlund 11068 Grytenuten 4H, Ropeid Iris Merete Natten Frydenlund 11018 Sjøsprøyt 4H, Orre Mari Aksdal Hermansen 11040 Fram 4H, Horpestad Mari Aksdal Hermansen 11001 Soldogg 4H, Bore Mari Aksdal Hermansen 11033 Frøy 4H, Kverneland Mari Aksdal Hermansen 11042 Vibå 4H, Hognestad Mari Aksdal Hermansen 11038 Hjelmen 4H, Hjelmeland Janne Fagerland Sjursen 11004 Jerv 4H, Årdal Janne Fagerland Sjursen 11017 Bygda 4H, Bjørheimsbygd Janne Fagerland Sjursen 11029 Vilje 4H, Tysværvåg Sigfrid Skogland Kristjansdottir 11060 Fjordsol 4H, Nedstrand Sigfrid Skogland Kristjansdottir 11008 Skjalg 4H, Sola Jeanette Øyen 11020 Viking 4H, Julebygda Jeanette Øyen 11045 Fjellbygdå 4H, Sviland Jeanette Øyen 11013 Utstein 4H, Mosterøy Jeanette Øyen 11035 Terna 4H, Sjernarøy Jeanette Øyen