På årsmøtet blir det valt ein leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer. I utgangspunktet er det leiaren og styremedlemmane som utgjer styret og har stemmerett på møta, men det svært vanleg å inkludere også varamedlemane i arbeidet. 

Alt styret vedtar og gjer, er eit felles ansvar. For eit best mogleg samarbeid, treng vi å fordele oppgåvene. Like etter årsmøtet fordeler styret roller og ansvarsområder mellom seg. Fordelinga skjer etter interesse og kompetanse.

Nestleiar
  • er leiaren si høgre hand og samtalepart. Er leiaren borte, er det nestleiar som leier møtet
  • hjelper til og overtek gjerne nokre oppgåver, dersom leiar har for mykje å gjere
  • held seg oppdatert
Økonomi
  • rapporterer til styret om økonomisk status på kvart styremøte
  • har oversikt over og kontakt med alle som har økonomiansvar i prosjekt/arrangement/tiltak 
  • har tilgang til alle underbudsjett og har kontroll på at desse blir fulgt opp og justert
  • får tilsendt rapportar frå rekneskapsførar
  • årsavslutning
  • presenterer årsrekneskapet på årsmøte
Informasjon
  • ansvar for å skrive referat frå styremøta
  • følger med på at nettsida alltid er oppdatert. Seier frå til tilsette dersom noko bør utbetrast
  • ansvar for at blir utarbeida planar for publisering på sosiale media
  • ansvar for at det blir utarbeida ein informasjonsplan for fylke og passer på at denne blir fulgt 
  • har kontakt med redaktør for medlemsbladet 4H-Knask

Arrangement (blir delt mellom fleire)
  • har ansvar for at styret er oppdatert på korleis arbeidet med dei ulike arrangementa går, eventuelt formidle spørsmål og innspel til/frå aktuell komite
  • i samarbeid med tilsette, syte for at arrangementskomiteane får den opplæring som trengs
  • syt for at det alltid er ein eller fleire som representerer fylkesstyret på dei store arrangementa; er synleg for medlemane, alumnklubben og arrangørkomiteen

4H-gard
  • passar på at 4H-garane i fylket er synlege i sine informasjonskanalar
  • passar på at fylket alltid har fokus på rekruttering av nye gardar
  • passar på at alle 4H-gardane er godkjent (godkjennes for 5 år om gongen)
  • følger med på det som skjer i 4H-gård Norge
  • ansvar for at styret alltid er oppdatert i forhold til 4H-gardsarbeidet

I tillegg til dette, dukkar det opp prosjekt og tiltak gjennom året.