Vi retter ein stor takk til alle som søkte og viste interesse for konkurransen. Det har vore ein kjekk prosess, der vi har fått innsikt i mange gode tankar og idear. Dette viser at prosjektet er aktuelt. Vi ønskjer dei som ikkje gjekk vidare i denne omgang - lykke til, så håper vi at dykkar prosjekt blir gjennomført til tross for at de ikkje gjekk vidare med oss.  

Dei fem vinnarane som står igjen svarte godt på kriteria i begge rundane. I første runde måtte dei sende inn ein søknad og introduksjonsvideo der dei viste til visjon og draum for sitt naturområde. I andre runde krevde søknadane mykje meir, då element som framdriftsplan, budsjett, vedlikehaldsplan og grunneigaravtale måtte vere på plass. 

Vi ønskjer å gratulere 4H klubbane Kveldssol 4H, Liljen 4H, Vårsol- og Ørn 4h så mykje som vinnar, og vi ser fram til å følgje prosjekta vidare og få tre nye arenaer for 4H klubbane og nærmiljøet.

Vi ønskjer også å gratulere Leik og samspel på Godøya og Alnes, samt Ågnegjerdet Velforening som vinnar, og ser verkeleg fram til å følgje dykkar prosjekt vidare og få to nye arenaer for nærliggande klubbar og lokale i dykkar nærområde. 

Liljen 4H, Kveldssol 4H, Ørn 4H og Vårsol 4H får utdelt sine sjekkar

Kveldssol 4H på Mittet
Kveldssol 4H har inngått eit samarbeid med Mittet idrettslag. Dei skal ruste opp ei sandvolleyballbane som har tydelige bruksmerker etter å ha vore ein sentral arena i 20 år. Dei ønskjer også å ruste opp området rundt bana ved å bygge ein gapahuk med tilhøyrande grillområde. Området kan brukast av klubben eller andre i nærområdet som ein fin samlingsplass. Kansje blir det volleyballturnering her også?

Liljen 4H i Rauma 
Liljen 4H har som mål å skape ein naturmøteplass som skal bli deira base for aktivitetar i og ved vatnet. Dei skal bygge ein open gapahuk i eit naturområde som er godt tilrettelagt til å bli ein bra naturmøteplass. Gapahuken skal innehalde bord, benkar og lagerrom for oppbevaring av diverse utstyr dei har i klubben. 

Vårsol og Ørn 4H i Eresfjord og Vistdal.
Vårsol og Ørn 4H har inngått eit samarbeid med Eresfjord IL om å skape ein møtteplass i tilknytning til skisenteret som akkurat har fått ein ny reguleringsplan. 4H klubbane skal sette opp to gapahukar sentralt i det nye skileikområdet. Gapahukane skal vere romslige, med benker og bord og ein naturleg plass å trekke seg tilbake i.

Leik- og samspel og Ågnegjerde får utdelt sine sjekkar

Leik og samspel, nærmiljøprosjekt på Godøya og Alnes.
Leik og samspel er eit nærmiljøprosjekt på Godøya og Alnes som har mange gode planar. I dette prosjektet har dei som hovedmål å etablere ein møteplass for barn og voksne. Dei skal bygge ein ny gapahuk med grillstad, samt etablere ein naturleikeplass i skogen for barn, unge og vaksen i lokalmiljøet.

Ågnegjerde Velforening på Vigra. 
Ågnegjerde Velforening skal bygge ein møteplass som kan bidra til å kunne samle, engasjere og inkludere nærmiljøet rundt. Dei skal utforme gapahuken slik at den har plass til minst ei skuleklasse. Målet er å etablere ein felles samlingsplass som gir ly, inviterer til eit mangfald av aktivitetar og er ein naturleg stoppeplass for aktivitet, matlaging og undervisning.