Laurdag 2. april arrangerte 4H Møre og Romsdal plakettfest.

60 gjester møtte for å feire plakettmottakarane for 2020 og 2021 laurdag 2. april. Lynet 4H og Regnbuen 4H tok hjertleg i mot oss på Vonheim i Malmefjorden. Ida Kanutte Risvik frå fylkesstyret losa oss gjennom ein fantastisk fest med eit kongemåltid og dessert. Det vart vist fram leirvideoar og ein flott tale om plaketten og alumnlivet i moral var gitt ved leirar Hanne Mette Hatle i MORAL 4H. 

Nestleiar i fylkestyre, Ragnhild S. Bjørkedal delte ut plaketten og vitenmål saman med leiar i Moral 4H. Plakettmottakarane fekk også ei gul rose, ei eiga markering og gåve frå Moral 4H. 

Etter at plaketten og vitenmål var motteke og applaus retteleg gjeven for god og strålande bragd vel gjennomført fekk vi tale frå plakettmottakarane sjølv. Tale på vegne av plakettmottakarane var gjeven av Tare Reklev Øverbø, det var ein fantastisk flott tale. Talen gav essensen av kva 4H er, den lokka fram både tårer og latter, ein stor takk til Tare for ein faktastisk tale. 

Saman koste vi oss i flott omgjevnadar med god mat, underhaldning og flotte samtalar, mange treffte igjen gamle kjente og kunne mimre over eit flott 4H-liv så langt. 

Gratulere så mykje til alle plakettmottakarar med vel gjennomført 4H-løp, plaketten og vitenmål. Takk for ein fantastisk og heilt super innstas så langt i 4H, håpar vi ser deg vidare i 4H.