Automatisk overføring av digitale prosjekt
Dersom medlemmane veljer digitalt prosjekt og registrerar det i prosjektplattforma, vil det automatisk verte overført til medlemsregisteret når prosjektplanen er godkjent av klubbrådgjevar.

På digitale prosjekt må ein òg hugse å godkjenne gjennomførte prosjekt før haustfesten.

Kva må ein gjere ved bruk av prosjekthefte?​​​​
Då må prosjektet registrerast manuelt i medlemsregisteret enten av medlemen sjølv eller  av klubbrådgjevar . Sjekk ut her korleis de registrerar prosjektet i medlemsregisteret. 


Haustfestlister  

Når medlemane har registrert 4H-prosjekta sine, kan klubbrådgjevar ta ut ein Haustfestrapport                                                                                                                     

Her får de oversikt over: 

- Namn på alle i medlemar i klubben. Saknar du nokre medlemar på denne lista, kan det vere at dei har blitt utmeldt pga. ikkje betalt kontingent eller at dei ikkje er innmeldt.

Kontingenttjeneste. Er det fleire sysken frå ein familie som er medlemar i 4H, skal den eine betale hovudmedlemskap, mens dei andre skal vere syskenmedlemar.

4H-prosjekt i 2021. Sjekk at medlemane ikkje har lagt inn både digitalt prosjekt og prosjekthefte. Ved feil kan klubbrådgjevar slette prosjekthefte, og 4H-kontoret kan slette digitale prosjekt som er lagt inn i medlemsregisteret.

4H-merke i 2021


Merke til medlemane

Minner om at de må hugse å bestille merker frå 4H Norge sin nye nettbutikk.

Klubbane/fylka må no logge seg inn på en annan måte enn tidlegare.
Har du ikkje handla i den nye butikken i 2021, vil vi råde deg til å opprette ein ny brukar.

Brukarrettleiing om korleis du opprettar brukar, finnast i 4H-butikken.
Treng du hjelp - kontakt Kundesenter 4H-butikken.