- Pris: Kr 500,-
- Arrangør: 14000
- Førde
- (heldags)

Kurs
Ei samling for alle som har lyst til å verte trivselsagent, med og utan å ha det som sitt prosjekt!
Velkommen til trivselsagentsamling nr. 2
4H Hordaland og 4H Sogn og Fjordane arrangerer ei samling for alle som har lyst til å verte trivselsagent, med og utan å ha det som ditt prosjekt!
Likar du å møte nye personar? Likar du å vere leiken og samtidig lære noko nytt?
Då kan TRIVSELSAGENT vere noko for deg! Som trivselsagent får du moglegheita til å delta på kjekke samlingar og vere med på å gjere leirar og kurs endå kjekkare
Me har allereie hatt ei felles samling i Bergen for 4H Hordaland og 4H Sogn og Fjordane, så no er det på tide med ei ny! På førre samling tok me opp tema bli kjend med deg sjølv, kommunikasjon,samarbeid og rolla som trivselsagent.
På denne samlinga skal me fokusere på grenser, ansvar og arrangement.
Dersom du er ny trivselsagent og ikkje var med på førre samling tek me ein rask gjennomgang av tema på fredagskvelden.
Det vil kome meir informasjon til dei som melder seg på!
Stad: Røde Kors hytta på Langeland
Kan ta buss frå Bergen sentrum til Langeland
Når: 2. – 4. juni 2023
Kven: Fødd mellom 2005 – 2007 (seniorar) og alumnar!
Ansvarlege for helga: Janniche Næss Bergås (95366726)
Kristin Eineteig (95941699)
Påmeldingsfrist: 26.mai 29. mai i medlemsregisteret
Pris: 500kr
Ta med:
- Sovepose og pute med putevar
- Toalettsaker, handkle og badetøy
- Tjukkelabbar (veldig golvkaldt) og ellers vindtette kle til uteaktivitet
- Skrivesaker
- Antrekk til temakveld: 1920-talls stil J
Velkommen til samling!
Ta kontakt med arrangørane for spørsmål!
Arrangementet er støtta av: