Kva er ein trivselsagent?

Trivselsagentane si hovudoppgåve er å skape trivsel i 4H. Du lærer er korleis du kan vere eit godt førebilete for andre, og kva som er gode trivselstiltak. Samtidig blir du endå betre kjend med deg sjølv og andre.

Det vil verte to trivselsagentsamlingar saman med resten av trivselsagentane i fylket. Sosialt og kjekt, samstundes som ein knyt sterke band og djupe vennskap som varer livet ut. Mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.

  • Ein aktiv 4Har som er med å skape trivsel både i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane
  • Du får utvikle deg sjølv saman med andre
  • Du får ta del i kjekke samlingar og vere med å skape liv og samhald på fylkesarrangementa
  • Du kan ha trivselsagent som 4H-prosjekt.
    • Som 2.-4.års senior har du moglegheita til å velje eit prosjekt der du får nye vener, lærer mykje om deg sjølv, lærer å arrangere leikar og aktivitetar for andre og rett og slett sprer masse hugleik til folket. Høyres dette kjekt ut så er dette prosjektet for deg!

Fyrste trivselsagentsamling

Samlinga vert 08-10. mars på Nordfjordeid

Der skal vi bli betre kjende med kvarandre, og ha ulike aktivitetar ute og inne, og vi skal vere med å skape trivsel og moro på Nattvolleyballturneringa til 4H Sogn og Fjordane

Du får bli kjent med dei andre agentane, kjenne meistring, eigenutvikling og inkludering. 

Samlingane våre vil dette året vere heilt gratis!Og i tillegg får du ein superfin trivselsgensar!

Du treng å ta med deg:

  • Sovepose              
  • Toalettsaker
  • Skrivesaker          
  • Godt humør
  • Klede til å vere både ute og inne i.

Spørsmål?

Ta kontakt med Helene Lundekvam på telefon 95180409 eller epost
 

Vi håpar på ei trivleg helg, og gledar oss mykje til å møte dykk!!

Med vennleg helsing årets trivselsagentkoordinatorar