Dette er ei kurshelg kor vi har samla fleire ulike arrangement på ein stad. Vi kallar det Superhelg!  

Superhelg med styrevervkurs – medlemmar 

På Eid ungdomsskule finn du kurshelga for alle som sit i styret i 4H-klubben. Deltakarane får opplæring i det å ha eit styreverv, trivselsagent eller å vere friluftshelt. I tillegg får ein nye vener for livet! Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa og slik blir deltakarane godt kjend med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. 

Årsmøte - alle 

Søndagen inviterer vi alle deltakarane på Superhelg med på Årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet blir halde på Nordfjord hotell.  

Inspirasjonssamling – vaksne 

Finn stad på Nordfjord Hotell. Vi lovar mange interessante foredrag, litt kreativitet og mykje moro! Vi håpar så mange som mogleg av klubbrådgjevarane våre har høve til å vere med.  

Stad  

Eid Ungdomsskule.  

Program 

Fredag 9. februar  

17:00  

 Registrering av deltakarar på skulen 

18:15  

 Opning 

18:30  

 Middag på Nordfjordeid hotell 

19:30  

 Årsmøteopplæring  

20:30  

 Bli kjent 

22:00  

 Fellesleik, kos og hygge  

23:00  

 Ro for natta  

Laurdag 10. februar  

07:30  

 Vekking  

08:00  

 Frukost  

09:00  

 Kursstart  

12:30  

 Lunsj  

13:30  

 Kursa held fram  

16:15  

Nons  

16:45  

 Kursa held fram, avslutning av kurs.  

18:15  

 Fritid  

19:00  

Samling i gruppe 

20:00  

 Middag på Nordfjordeid hotell. 

21:15  

 Underhaldning  

22:00  

 Fritid  

24:00  

 Ro for natta  

Sundag 11. februar  

07:00 

 Vekking, pakking og rydding av skulen. 

08:00  

 Frukost  

Årsmøte på Nordfjordeid hotell. 

09:30  

 Registrering  

10:00  

 Opning av årsmøtet  

12:00  

 Lunsj på Nordfjordeid hotell 

13:00  

 Årsmøte held fram  

15:00  

 Årsmøtet vert heva  

 

Du vel berre eitt av kursa i påmeldinga:  

  • Kasserar 

  • Sekretær 

  • leiar og nestleiar 

  • ny i styret 

  • trivselskurs  

  • friluftshelt 

Alle kursa får årsmøteopplæring. 

Som vaksen skal du ikkje gå på kurs, og vel derfor “utan kurs” 

Praktisk informasjon  

Du som har eit verv i klubben din kan delta. I tillegg kan du som har lyst til å bli friluftshelt eller Trivselsagent i eigen klubb bli med.  

Hugs å melde frå  om allergiar eller andre behov for tilrettelegging.  

Påmelding for deltakarar 

I år er samlinga HEILT GRATIS fordi vi har fått stønad frå Gjensidigestiftelsen. Årsmøtet kostar kr 400.  

Påmeldingsfristen er 15. Januar 2024.  

Må ein betale dersom ein melder seg av etter fristen? 

AVMELDING   

Påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av kurset etter avmeldingsfristen, vil klubben din verte fakturert for deltaking likevel. Dersom du blir sjuk må du få dekka deltakaravgifta via eiga forsikring. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv.   

Dersom du har blitt sjuk eller av andre grunnar må melde deg av, sender du ei melding om dette til sfj@4h.no eller ringer kontaktperson for arrangementet Trond Arild Austgulen   

Her finn du rettleiing for innlogging i medlemsregistret  

Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.    

Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar 

4H klubbane har ansvar for å sende 1 vaksenleiar pr 15 deltakar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Du får også hjelpe arrangørklubben med enkle dugnadsoppgåver. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillige i 4H. 

Dersom du ikkje har medlemsnummer i 4H, skriv ein epost til sfj@4h.no eller ring oss. 4H-kontoret hjelper deg med påmeldinga.