Velkomen til storkurs! 

I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.  

Kurset skal vere på Vassenden skule og hallen.  
Vassenden er omringa av inspirerande natur, og er heimen til to av noregs mest kjende kunstnarar, Nikolai Astrup og Ludvig Eikås. Området rommar uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Her kan vi nemne bading i Jølstravatnet, kunstgrasbane og handballbane. I tillegg har vi hallen der det vert lagt til rette for Volleyball spel! 
 

Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med.  

Årets aktivitetar

 

Oversikt
Kva?Kor mange?Korleis?
Rafting11 * 2Er du over 15 år? Likar du fart og spenning? Er du under 18 år, kan du med løyve frå foresatte kan du vere med når det skal raftast ned elva Jølstra! Med solide instruktørar er du med på padling i spesiallaga hardføre gummibåtar. I regi av Jølster rafting. Ta med håndduk, undertøysskift og badekle. Tips: For ein meir behagleg opplevelse, ta med ein ullundertøytopp.
Spikkekurs10 * 2Ser du potensial og likar å utforme ting? I dette kurset lærer du å bruke kniven som reidskap. Med hjelp frå Leiv Sølvberg vil du lære deg gode teknikkar og uttrykk.
Paintball16 * 2Dersom du er over 15 år og likar acction, kan paintball vere noko for deg! Er du under 18 år, kan du med underskrift frå foresatte vere med når malingskulene flyg over haudet på deg. Jølster rafting stiller med nødvendig utstyr så du kan overleve motstandaren! Ta med sko som passar i skogterreng og tåler fukt. Tips: Ikkje gå i finstasen. Jølster rafting tilbyr unisex eingongskjeledress til 60,-
Matlaging m/bygdekvinnelaget10 * 2Likar du tradisjonell norsk mat? Kva med å lære kunsten med å lage svele og natronkaker! Årdal og Helgheim bygdekvinnelag held kurs i hellebakst.
Orienteringsløp10 formiddag, 20 ettermiddagKan du finne vegen med kart og kompass? Knut Even frå Førde IL held kurs i orienteringsløp i skogen. Ta med gode sko og klede, samt eige kompass.
Volleyball14 * 2Formiddag: Ynskjer du å lære å spille Volleyball? På kurs med Ellen Bijsterbosch lærer du det grunnleggjande. Her får du gode tips og triks til gode teknikkar. Ettermiddag: Øvelse gjer meister, og på dette kurset kan du bli endå betre til Volleyball. Ved hjelp av Ellen får du veiledning og råd til teknikkane som gjev det lille ekstra!
Teikning, form og farge8 * 2Elskar du å vere kreativ? Har du lyst å prøve nye spennande måtar å lage kunst på? Med hjelp frå kunnskapsrike og dyktige Sigrid Bjørkedal kan du få utfolde dine kreative eigenskapar. Hovedsakleg vil arbeidet foregå med akrylmaling, men også andre materialer. Resultatet får du med heim!
Fisking og følg spor15 * 2Formiddag: Likar du jakt og fiske? Bli med Jølster jeger og fiskeforening å trekke garn, sløye fisk og røkte kråkefeller. Dagens fangst blir lunsj på bålet i gapahuken. Alle må ha gode uteklede og fjellsko/støvlar. Ettermiddag: Bli med Jølster Jakt og fiske foreining på ein kjekk ettermiddag! Siri Lisbeth tek deltakarane med ut å finne spor, Steinar står for bålkos og jegerhistorier i gapahuken og Kåre lærer deg om å røkte kråkefeller!

 


Lurt å ta med:  

- Sovepose og liggjeunderlag  

- Toalettsaker - Innesko  

- Drikkeflaske – matboks 

- Liten sekk 

- Lommepengar  

- Sko og kle til aktivitetar 

 

Program: 

Fredag 13. september 

17:00 Frammøte og innkvartering 

18:00 Offisiell opning av storkurset 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

20:00 - 21:00 Bli kjent  

22:30 - 23:00 Vaksenleiarsamling 

21:30 - 24:00 Leik og moro utan eit organisert opplegg 

24:00 Ro 

 

Laurdag 14. september 

07:30 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:00 - 12:30 Kurs 

12:30 - 14:00 Lunsj i Gjesthalla

14:00 - 17:30 Kurs 

17:30 - 19:00 Fri / planlegge eventuell underhaldning. 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

(18:00 - 20:00 Bowling for alumn + siste års senior, hugs påmelding)

20:00 - Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt 

22:00 - Volleyballturnering

01:30 Ro 
 

Søndag 15. september 

08:00 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:30-10:00 Rydding og pakking 

10:00-12:00 Felles aktivitet 

12:30-13:30 Lunsj i Gjesthalla og heimreise 

 

Kursreglar  

Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.  
 
1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.  

2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.  

3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.  

4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.  

5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.  

 

Påmelding, avmelding og pris  

Påmeldingsfristen er 1. september. På ein del kurs er det avgrensa plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle. Påmelding gjer du på 4H Sogn og Fjordane. Og påmeldinga er bindande.   

Påmeldinga opnar 19. august.  

Avmelding må skje før 1. september.  
 
PS: Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må ein likevel betale deltakaravgift. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv. Dersom ein blir sjuk må ein likevel betale deltakaravgift, men få att pengane via reiseforsikringa si. 
 
Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast fredag 6. september.  

Storkurset kostar:  

Deltakar kr 850,-  
Voksenleiar kr 0,-  
 
 

Spørsmål og svar 

Kva er storkurs?  

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial. 

Kva er aldersgrensa?  

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2024.  

Kvar skal vi vere?  

Storkurset skal vere på Vassenden. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.  

Kvar skal vi overnatte?  

Vi skal overnatte i klasserom på Vassenden skule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.  

Får vi mat?  

Blåklokka 4H lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.  

Må vi ha med vaksne?  

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar. 

 
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H ynskjer alle velkomne til haustkos og storkurs!