INVITASJON TIL REGIONSAMLING I SUNNFJORD 2023!

Ver med på regionsamling og lær deg førstehjelp når Naustdal Røde Kors vitjar samlinga! Det vert spanande :-)

4H Sogn og Fjordane inviterer alle klubbar i regionen til regionsamling i Sunnfjord på Sunde skule i Førde laurdag den 30. september frå kl. 12.00 til 17.00.

Vi opnar for påmelding den 1. september. Skjema kjem her og ein vil kunne melde på mange i samme skjema. Påmeldingsfrist er 22. september.

På samlinga vert det lagt opp til møte mellom ein representant frå kontoret og/eller styret og klubbstyret/medlemmer.

Det vert også kjekke aktivitetar, leik og konkurransar for alle medlemmane og vi tenkjer å servere pizza og brus til slutt. Vi vonar så mange klubbar som mogleg kan tenkje seg å delta.

På samlinga ønskjer vi å bidra til betre kontakt mellom fylkeslag og klubbar gjennom god dialog og vi vil gjerne høyre om kva klubbane treng hjelp og støtte til frå vår side. Vi trur det er svært viktig at klubbrådgjevarar og klubbstyre blir kjend med tillitsvalde og tilsette på fylkesnivå. Vi ønskjer å synleggjere oss, presentere oss og vi ønskjer å vere aktive medspelarar til alle klubbane våre.

4H Sogn og Fjordane er veldig opptekne av at det skal vere god samhandling og dialog mellom klubbane og organisasjonen, så vi tenkjer at samlinga skal bidra til dette.

Glade barn

PROGRAM FOR SAMLINGA:

12.00 Velkomne og info om samlinga.

12.15 Informasjon til og dialog med klubbrådgjevarar og klubbstyrer ved 4H-kontoret og fylkesstyret.  Ein matbit.

12.15 Øvrige deltakarar – bli kjende og leikar. Ein matbit.

13-15 Naustdal Røde Kors besøker oss! Det vert spanande !

16-15-17.00: MAT OG AVSLUTNING AV SAMLINGA.

Vi serverer pizza, brus og kaffe !

Oppsummering av samlinga og takk for i dag !

VELKOMNE !

👉Påmeldingsskjema