INVITASJON TIL REGIONSAMLING I NORDFJORD 2023 !

Ver med på TIN-camp i Trivselsskogen!

4H Sogn og Fjordane inviterer alle klubbar i regionen til regionsamling i Trivselsskogen på Sandane laurdag den 30. september frå kl. 12.00 til 17.00.

NB! Dersom veret blir veldig dårleg blir samlinga flytta til Nordstranda skule.

Vi opnar for påmelding den 1. september. Skjemaet kjem her og ein kan melde på fleire i klubben samstundes. Påmeldingsfrist er 22. september.

På samlinga vert det lagt opp til møte mellom ein representant frå kontoret og/eller styret og klubbstyret/medlemmer.

Det vert også kjekke aktivitetar, leik og konkurransar for alle medlemmane og vi tenkjer å servere pizza og brus til slutt. Vi vonar så mange klubbar som mogleg kan tenkje seg å delta.

På samlinga ønskjer vi å bidra til betre kontakt mellom fylkeslag og klubbar gjennom god dialog og vi vil gjerne høyre om kva klubbane treng hjelp og støtte til frå vår side. Vi trur det er svært viktig at klubbrådgjevarar og klubbstyre blir kjend med tillitsvalde og tilsette på fylkesnivå. Vi ønskjer å synleggjere oss, presentere oss og vi ønskjer å vere aktive medspelarar til alle klubbane våre.

4H Sogn og Fjordane er veldig opptekne av at det skal vere god samhandling og dialog mellom klubbane og organisasjonen, så vi tenkjer at samlinga skal bidra til dette.

Glade barn

PROGRAM FOR SAMLINGA:

12.00-12.20:Frammøte!

Samlinga opnar. Velkomne. Alle får litt frukt og yoghurt.

12.20-12.45: Vi blir kjent med kvarandre!

Felles informasjon om dagen og inndeling i grupper.

Vi leikar Tante Knute og Fruktsalat.

12.45-14.15: Møte mellom 4H Sogn og Fjordane ved tilsett/styrerepresentant og klubbstyre/medlemmar.

Dei gruppene som er tidleg ferdig kan utforske Trivselsskogen og leike !

14.30-15-15: MAT

Vi stiller med pizza og har med brus, saft, vatn og kaffe.

15.15-16.30:

Høve til vidare samtalar/diskusjonar med dei som ønskjer dette.

Tur i Trivselsskogen, leik og konkurransar !

16-30-17.00: AVSLUTNING AV SAMLINGA.

Samling i TIN-camp: Restemat, rydding og avslutning.

VELKOMNE !

👉Påmeldingsskjema