Invitasjonen til 4H volleyball Nattcup går til alle 4H-klubbar i Sogn og Fjordane. 
Eid 4H nemnd, som står som medarrangør for nattcupen, er ei fells nemnd for 4H-klubbane i ytre Nordfjord, - 6 4H-klubbane i Stad og 2 i Bremanger kommune. 
No vil vi samle 4H-ungdom frå heile Sogn og Fjordane  til ein heidundrande kjekk
volleyballkveld der vi alle spelar, har det moro og blir kjent med kvarandre!


TID OG STAD

  • 4H-volleyball nattcupen blir altså i den nye Eidahallen på Nordfjordeid. Du finn den ved sidan av Eid barneskule.
  • Nattcupen startar kokka 17:00 laurdag 25. mars og vert avslutta ca. klokka 01:00-01:15 sundag 26. mars.

Etter turneringa er planen at flest mogeleg reiser heim. Vi legg opp til at folk frå Gloppen, Jølster osv. kan nå 02-ferja Lote-Anda.
For dei som av ulike grunnar ikkje kan reise heim om natta, har vi eit enkelt overnattingstilbod i Eidahallen.


LAG OG TURNERINGA

  • Kvart lag skal vere samansett av spelarar i alderen 12 -19 år. Vi ønskjer så langt som råd at ein stiller «blanda lag» med både jenter og gutar, - og yngre og eldre spelarar.  Eit lag kan ha inntil 10 deltakarar – det vil seie 6 spelarar på bana med rullerande innbytarar. Kvart lag stiller også med ein vaksen leiar.
  • Er de ikkje mange nok til å stille lag? – meld på dei som vil, så ordnar vi med ekstra folk slik at ein får fullt lag!
  • Kampane blir spelt på tid, og oppsettet vert slik at alle lag spelar mot alle i innleiande runder. Til slutt vert det ei utslagsturnering mellom dei beste laga i innleiande rundar for å kåre eit vinnarlag.  Kor mang kampar det vert i dei innleiande rundane er avhengig kor mange lag som er påmeld.
  • Mellom kampane vert det tid til litt ein tur i kiosken, heie på andre lag, spel og prate med folk i foajeen.

Dette er ein venskapeleg turnering der det er like viktig å ha det kjekt i lag som å vinne. Det vert sjølvsagt premiar, - både ein premie til kvart deltakarlag/klubb og ei påskjønning til laget  som går sigrande ut av turneringa!
 

MAT
Eit måltid med enkel, varm mat – hamburgar / pølser med brød eller liknande og i tillegg litt frukt - blir servert litt ut i turneringa. Dette er inkludert i prisen for påmelding.
I tillegg vert det kiosk på turneringa der ein kan få kjøpe brus, pizza-stykke, chips, sjokolade, snop med meir.


OVERNATTING
Deltakarar som treng overnatting får eit enkelt tilbod om dette i Eidahallen – etter turneringa er slutt. Der er tilgang til toalett, garderobe med dusjar, kjøkken og foajeen som opphaldsrom. Ein må ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker, handkle og det du treng for overnatting. Laurdag morgon stiller vi med enkel frukost, brødmat, vanleg pålegg, mjølk, kaffi og te.  Dette er inkludert i prisen for påmelding.

PRIS
Kvar deltakar i turneringa betalar kr 250,-.  I tillegg til  turneringa dekkjer dette eit varmt måltid i løpe av kvelden, overnatting og frukost neste morgon om du treng det.
Vaksne som føljer laget/er sjåførar, går gratis. Dei får også mat og overnatting om det er aktuelt.
 

KIOSK
Kiosken vert open under heile turneringa. Her kan du kjøpe brus, pizza-stykke, chips, popkorn, sjokolade, snop med meir.
Det vert også høve til å kjøpe enkelte 4H-effektar.
I kiosken kan du også kjøpe 4H VOLLEYBALL NATTCUP t-skjorta, for kr 70,- ? 
 

PÅMELDING
Påmelding seinast 20. mars.

Deltakarar må melde seg på gjennom medlemsportalen – vaksne/sjåførar må også melde seg på. Skriv om du treng overnatting og om du eventuelt har allergiar/mat du ikkje toler.
 

MEIR INFORMASJON 
Lurer du på noko eller treng meir informasjon kan ringe/sms til  -  Dianne Eikås 91841657 – diannjor@online.no  


Då er det berre å melde på lag, samle ein fin gjeng og starte treningar !
 - DETTE BLIR KJEKT!