Stad 

Til alle dei flotte vaksne i 4H Sogn og Fjordane, velkomen til inspirasjonssamling 2023 på Leikanger Fjordhotel 13.-15. Januar. 

 

Påmelding  

Påmeldingsfrist til samlinga er 15. desember, men ikkje nøl med å melde deg på. Bli med å få ein kanonstart på 4H-året 2023 du òg! 

For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.  

Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H. 
Dette gjer du ved å sende e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Du vil da få tildelt eit medlemsnummer slik at du kan melde deg på samlinga.  

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må du likevel betale deltakaravgift. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe 4H-kontoret. 

 

Pris  

Inspirasjonssamlinga kostar 2000,- pr person i dobbeltrom og 3000,- pr person i enkeltrom. Prisen inkluderer all mat.  

Faktura blir sendt til klubben din, og må vere betalt før samlinga. Vi oppfordrar klubbane til å dekke kostnadane opp til 2000,-.  

Om du ikkje har moglegheit å overnatte, kan du få ein dagpakke til 895,- Dagpakken gjeld laurdag, og den inkluderer mat og aktivitet den dagen.    

 

Program  

 

Fredag 

1800 Ankomst og innkvartering 

1900 Velkomen, presentasjon og bli kjent m/ Kristin Eineteig og Hilde Berit Hylland 

1930 Pizzabuffet 

2100 Fri sosialtid - Fylkesstyret er synlege og tilgjengeleg for spørsmål  

Laurdag 

0800 Frukost 

0900 Klubbrådgjevarrolla  

1015  Foredrag m/ Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar ved Frisklivssentralen i Sogn 

1130 Lunsj 

1230 Besøk frå sentralstyret!  

1400 Uteaktivitet med mat på bål  

1700 Fritid  

1900 Middag 

2100 Quiz   

Sundag  

0830 Frukost 

0930 Prosjektplattformen m/ Linda Liem, fagrådgjevar i digitale prosjekt og oppdragsbanken 

1100 Medlemsregisteret m/ Kari Anne Årseth Grimelid, organisasjonsrådgjevar   

1130 Spørjetime og informasjon 

1230 Lunsj og heimreise