Stad 

Til alle dei flotte vaksne i 4H Sogn og Fjordane, velkomen til inspirasjonssamling 2023 på Leikanger Fjordhotel 13.-15. Januar. 

 

Påmelding  

Påmeldingsfrist til samlinga er 15. desember, men ikkje nøl med å melde deg på. Bli med å få ein kanonstart på 4H-året 2023 du òg! 

For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.  

Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H. 
Dette gjer du ved å sende e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Du vil da få tildelt eit medlemsnummer slik at du kan melde deg på samlinga.  

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må du likevel betale deltakaravgift. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe 4H-kontoret. 

 

Pris  

Inspirasjonssamlinga kostar 2000,- pr person i dobbeltrom og 3000,- pr person i enkeltrom. Prisen inkluderer all mat.  

Faktura blir sendt til klubben din, og må vere betalt før samlinga. Vi oppfordrar klubbane til å dekke kostnadane opp til 2000,-.  

Om du ikkje har moglegheit å overnatte, kan du få ein dagpakke til 895,- Dagpakken gjeld laurdag, og den inkluderer mat og aktivitet den dagen.    

 

Program  

På samlinga skal vi ha mange kjekke aktivitetar, og vi skal kose oss med god mat og godt selskap. Vi er så heldige at vi får besøk av to representantar frå sentralstyret! Dei skal fortelje om året 2023 og om sentralstyret sitt fokus. Laurdag skal vi ut på tur! Meir informasjon om aktiviteten, og resten av programmet kjem snart.

Vi gledar oss til ei samling som skal gje motivasjon, inspirasjon og meir energi til vaksne i 4H.