- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Digitalt (Teams)
- 11:00 - 14:30
Kurs
Dette er eit annleisår - er du klar for eit annleiskurs? Det vert i år arrangert styrevervkurs digitalt.
Du treng eiga datamaskin, og vert invitert til kurset via Teams. Her blir det felles digitalt treff, og vi deler dykk inn ulike grupper for diskusjonsforum.
2 dagar med opplæring i ditt styreverv og sosial prat via digitale kanalar.
Kort om dei ulike kursa:
Leiar / nestleiar: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.
Kasserar: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.
Sekretær: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.
Styremedlem: Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar.
Program:
Klokka | Felles |
---|---|
1100-1145 | Gratulerer med vervet i klubbstyret – kva skjer no? |
1200-1245 | Kva er arbeidsoppgåvene til dei ulike verva i styret? |
1245-1315 | Pause |
1315-1400 | Samarbeid i styret |
1400-1445 | 4h.no og medlemsregistret |
1500 | Takk for i dag |
Klokka | Leiar/nestleiar | Kasserar | Sekretær | Styremedlem |
---|---|---|---|---|
1100-1145 | Kva er ein god leiar? | Verktøy til bruk i kasserarjobben | Skriving av referat/innkalling/invitasjon | Kva arbeidsoppgåver har dei andre? |
1200-1245 | Møteleiing | Korleis halde oversikt undervegs i året | Synleggjering av klubben | Synleggjering av klubben |
1245-1315 | Pause | Pause | Pause | Pause |
1315-1400 | Tale og debatt - teknikk | Søknadsskriving | Søknadsskriving | Aktivitet i klubben |
1400-1430 | Oppsummering og takk for i dag | Oppsummering og takk for i dag | Oppsummering og takk for i dag | Oppsummering og takk for i dag |
Vi lover masse gruppearbeid og legg opp til aktive deltakarar. Kursinstruktørane er som vanleg unge 4H-arar. Alle har gjennomført instruktøropplæringa til 4H Norge.
Korleis melder du deg på?
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida 4h.no. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Hugs å melde deg på det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, styremedlem).
Manglar du passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette tilsendt på e-post.
Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
Meir informasjon kjem
Vi vil sende ut meir informasjon til alle påmelde på e-post, samt oppdatere her på nettsida. I denne informasjonen vil du også finne lenke som du skal klikke på for å bli med på kurs.
Vi kjem til å nytte Microsoft Teams begge dagane. Du treng ingen app eller program for å delta. Berre ein datamaskin med mikrofon og kamera.