Stad

Vår flotte, gode leir skal i år vere på Fjordhestgarden på Reed! Det er Gloppen 4H-nemnd som er lokal arrangør i år

Program

Aspirantleir starta laurdag klokka 12 og er ferdig når heile fylkesleiren er ferdig. Aspirantane frå dei ulike klubbane må ha med seg ein eigen vaksenleiar. Naboklubbar kan samarbeide om vaksenleiar for aspirantane. 

Program for heile leiren kjem.

Praktisk informasjon

Du kan delta på aspirantleir dersom du er yngre enn 12 år.

Det er viktig at du i påmeldinga gir beskjed om eventuelle allergiar eller noko anna du vil trenge under leiren. 

Påmelding for deltakarar 

Det kostar 400 pr deltakar å delta på aspirantleiren. 

Fristen for å melde seg på leir er 30. juni. 

Påmeldinga er bindande. Det vil seie at dersom ein ikkje kan kome på leir etter at ein har meldt seg på må ein fortsatt betale. Unntaket er om ein vert sjuk og ein kan vise fram attest frå lege. Dersom ein ikkje kan kome på leir eller vert sjuk må ein gi beskjed til sfj@4h.no eller til leirsjef for aspirantleiren (sjå nederst i teksten).

Lenke til rettleiing for innlogging i medlemsregistret/min side

Påmelding for vaksenleiarar og arrangørar 

4H klubbane har ansvar for å sende minst 1 vaksenleiar pr 15 deltakar frå sin klubb. Dersom naboklubbar ynskjer det kan dei samarbeide om vaksenleiarar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillige i 4H.  

Som vaksenleiar betalar du 0kr for å vere med på leiren. 

Har du ikkje medlemsnummer?
Meld deg på i dette skjemaet. 

Deltakarstøtte 

Dersom det av ulike grunnar er vanskeleg å betale for deltakaravgifta kan ein søke om deltakarstøtte i 4H.Ta kontakt med 4H-kontoret. 

Spørsmål? 

Har du nokon spørsmål om leiren?  

Ta kontakt med leirsjef Kristin Eineteig!  

Mobil: 95 94 16 99 

E-post: kristineineteig@hotmail.com