Eid 4H nemnd, som står som arrangør for nattcupen, er ei felles nemnd for  4H- klubbane i ytre Nordfjord; fem 4H-klubbar i Stad kommune og to klubbar i Bremanger.

Vi håpar og trur at Nattcupen kan bli ein kjekk stad der ungdomar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn kan bli litt betre kjent med kvarandre. 

TID OG STAD 

4H- volleyball nattcupen blir i den nye Eidahallen på Nordfjordeid. Du finn den ved sidan av Eid barneskule. 
Nattcupen startar kokka 19.00 laurdag 9. mars og vert avslutta ca klokka  01.00-01.15 søndag 10. mars. 

Etter turneringa er planen at flest mogeleg reiser heim. Vi legg opp til at folk frå Gloppen, Jølster osv. kan nå 02-ferja Lote-Anda. 

For dei som av ulike grunnar ikkje kan reise heim om natta, har vi eit enkelt overnattingstilbod. 

volleyballag  

LAG OG TURNERINGA 

Kvart lag skal vere samansett av spelarar i alderen 12 -18 år. Vi ønskjer så langt som råd at ein stiller «blanda lag» med både jenter og gutar, - og yngre og eldre spelarar. 

Eit lag kan ha inntil 10 deltakarar – det vil seie 6 spelarar på banen med rullerande innbytarar. Kvart lag stiller også med ein vaksen leiar. Er de ikkje mange nok til å stille lag – meld på dei som vil, så ordnar vi med ekstra folk slik at ein får fullt lag! 

Kampane blir spelt på tid, og oppsettet vert slik at alle lag skal spele fleire kampar. Kor mang kampar det vert i dei innleiande rundane er avhengig kor mange lag som er påmeld. 
Mellom kampane vert det tid til litt ein tur i kiosken, heie på andre lag, spel og prate med folk i foajeen. 
 
Dette er ein venskapeleg turnering der det er like viktig å ha det kjekt i lag som å vinne. Det vert sjølvsagt premiar, - både ein premie til kvart deltakarlag og ei påskjønning til laget  som går sigrande ut av turneringa! 

MAT 

Eit måltid med enkel, varm mat – pizza eller liknande og i tillegg litt frukt - blir servert litt ut i turneringa. Dette er inkludert i prisen for påmelding. 

I tillegg vert det kiosk på turneringa der ein kan få kjøpe brus, chips, sjokolade, snop med meir. 

OVERNATTING 

Deltakarar som treng overnatting får eit enkelt tilbod om dette i Eidahallen etter turneringa. Ein må ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker/handkle og det du treng for overnatting. Søndag morgon stiller vi med enkel frukost, brødmat, vanleg pålegg, mjølk, kaffi og te.  Dette er inkludert i prisen for påmelding. 

PRIS

Kvar deltakar i turneringa betaler kr 200.  I tillegg til turneringa dekker dette eit varmt måltid i løpet av kvelden, overnatting og frukost nest morgon om du treng det. 
Vaksne som følgjer laget/ er sjåførar, går gratis, men må melde seg på. Dei får også mat og overnatting om det er aktuelt. 

KIOSK

Kiosken vert open under heile turneringa. Her kan du kjøpe brus, chips, popkorn, sjokolade, snop med meir. 
Det vert også høve til å kjøpe enkelte 4H-effektar. 
I kiosken kan du også kjøpe 4H VOLLEYBALL NATTCUP t-skjorta, for kr 100,- 😊  

MEIR INFORMASJON

Kontakt Dianne Eikås på telefon 91841657 eller epost 

plakat