Påmelding til Nordisk leir i Lom startar 31. mars.

Det skal vere god plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bu ute ei veke, men tenk smart når de pakker.  

Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H Sogn og Fjordane. Vi har leigd 2 bussar med til saman 90 plassar (siste 10 er reservert vaksenleiarane). Andre fylker kan melde seg på og få tilbod om restplassar.  

Faktura blir sendt ut, og må ver betalt innan fristen for å sikre seg plassen.  

Reiserute

Avreise frå Førde rutebilstasjon 8. juli klokka 0800. 
Heimreise 15. Juli klokka 0900 (etter frukost) med ankomst Førde ca 1300. 

Reiseruta går over Strynefjellet, og når alle er påmeldt ser vi kor stoppestadene blir.   

Pris

Vi har satt maksprisen til 950 kr, det kan bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten. Endeleg pris ser du på fakturaen som kjem.

Vaksenleiarar og ledsagere får reisa dekka av fylkeslaget, og får derfor ikkje faktura.   

Ved påmelding vel du eitt av desse alternativa:  
  • Deltakar tur/retur: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen begge vegar.  
  • Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL nordisk.  
  • Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ nordisk.

Påmeldingsfristen for denne bussturen er 15. mai. 

Deltakarstøtte

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Treng du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h  

Kontaktinformasjon  

e-post: sfj@4h.no eller hovudleiar Eirik Førde tlf.: 954 52 277