Angela har utdanning i geomatikk og studerer lingvistikk. Ho har allereie lært seg litt norsk og ønskjer å bli betre.

Som IFYE vil ho å lære om norske tradisjonar og kvardagsliv.

Ho vil gjerne ha vertsfamiliar med skulebarn ønskjer at nokre av familiane bur på gard med sau eller hest.

Kva vil det sei å vere vertsfamilie for IFYE?

Som vertsfamilie bidrar du til å oppfylle 4H si målsetting om større tverrkulturell toleranse og openheit. Du blir kjent med ein ny kultur på ein heilt unik måte og gir både deg sjølv og den som kjem livslange minner.

Alle kjem fordi dei bl.a. vil lære om 4H, norsk landbruk og kultur, men mest av alt for å oppleve korleis vi nordmenn lever i dagleglivet.

Som vertsfamilie får de ein eineståande sjanse til å bli godt kjent med kvarandre sin levemåte og kultur, i tillegg til å bli betre i språk. Det er som å reise på ferie heime i di eiga stove.

 

IFYE-ane er i Norge mellom 6 og 12 veker og skal bu ca. 2-4 veker i kvar vertsfamilie, men både kortare og lenger går fint.

Usikker på om DU kan vere vertsfamilie? Der det er hjerterom er det husrom, men ei god gjesteseng er greitt å ha. Ellers er alle typar familiar aktuelle, dei siste åra har det vore både barnefamiliar, pensjonistar og single 4H-alumnar, i bygd og by, og frå gard til studentkollektiv.

 

Inkluder IFYE-en i familien og kvardagslivet slik at han/ho føler seg som eit familiemedlem. Dei skal vere med på aktivitetar, plikter og fritid på same måte som øvrige familiemedlemmer.

IFYE-en treng ikkje å ha selskap heile tida, men skal sjølvsagt ikkje vere for seg sjølv heile tida. Er du på jobb på dagtid kan du tipse IFYE-en om attraksjonar i nærområdet, eller kanskje kan nokon andre i klubben kan låne IFYE-en med på stranda, fjellet el.l. Det kan òg vere greit for IFYE-en å få ein eller to dagar utan program til klesvask eller berre få sove ut.