Når du er leiar på landsleir, så får du ansvar for ei gruppe på inntil 15 deltakarar frå 4H Sogn og Fjordane. Du skal vere tilgjengeleg for deltakarane, følgje dei opp og gi dei informasjon om aktivitetar og praktiske ting, gi dei hjelp, oppmuntring og trøyst dersom dei skulle trenge det. Du arbeidar saman med dei andre leiarane frå fylket heile vegen, og er ein viktig rollemodell for deltakarane på 4H-leiren. I tillegg til dette, så får du ei utruleg kjekk leiroppleving! 

Er du usikker på om du skal melde di interesse om å bli leiar eller hovudleiar for 4H Sogn og Fjordane? Eirik Førde (24) har vore leiar på leir i tre år, og har dette å seie om arbeidet:

Kvifor tykkjer du det er kjekt å vere leiar på leir, Eirik?

Det å vere leiar på leir er litt det beste frå to verder; eg tykkjer det er veldig kjekt å vere leiar for deltakarane frå Sogn og Fjordane, samstundes som at eg får med meg alt det kjekke og sosiale som er på 4H-leirar. Det er litt arbeid å skulle vere leiar, men eg lærer så mykje av det og får så mykje ut av det reint sosialt, så det er definitivt å anbefale! Og så er det sjølvsagt ein fin bonus at leiren vert dekka av fylket! ;) 

Har du kursa deg for å vere leiar på leir?

Ja, det har eg! Eg deltok på N4HA sitt Voksenlederkurs på Lillehammer i 2018, der eg tok del 1 som er for dei som vil vere leiar på leir, og så deltok eg på del 2 under kurset på Værnes i 2019. Del 2 er for dei som ønsker å vere hovudleiar på leir. Begge kursa var utruleg lærerike, og det var kjekt å lære om det å vere leiar på leir saman med andre engasjerte frivillige i 4H frå heile landet. Får du moglegheita til å reise på desse, så bør du takke ja!

Kva har du fokusert på når du har vore leiar på leir? Og kva tykkjer du er viktig for ein god hovudleiar?

Eg har lært mykje av dei som var leiar for meg når eg var på leir då eg var yngre. Det er viktig at eg ikkje pustar deltakarane i nakken heile veka vi er saman, for det vert travelt for både dei og meg. Men terskelen for å ta kontakt dersom det skulle vere noko er ikkje-eksisterande, enten det er midt på dagen eller midt på natta. Eg prøver å alltid vere tilgjengeleg, og tykkjer det er hyggjeleg med ei runde med kortspel i miljøtorget! Konklusjonen er vel at eg er streng når eg må, og hyggjeleg når eg kan!
For meg er det viktig at hovudleiaren er god på koordinere arbeidet som leiarane skal gjere, og at den er tydeleg på informasjon som skal ut og ting som må gjerast. Det er også viktig at hovudleiaren følger opp leiarane sine, og er med på å lage eit hyggjeleg miljø i forkant av og under leiren.

Kvifor anbefalar du folk å melde søke?

Det å vere leiar på leir er utruleg kjekt, og dersom du er usikker så bør du søke! Det å vere leiar gjer at eg kan treffe att alle dei hyggjelege folka eg har blitt kjend med igjennom 4H-livet, og eg møter stadig nye kjekke alumnar! Det er også veldig artig å få bli kjend med dei kjekke ungdommane vi har i fylket, og å leggje til rette for at dei får ei kjekk leiroppleving! Og når leiren til neste år til og med skal vere i fylket vårt, så er det ein glimrande moglegheit til å teste seg ut i ei slik rolle i trygge omgivnadar! ? 

Søk gjennom skjemaet innan 10.november!

Hovudleiar vert valt under det påfølgjande fylkesstyremøtet den 14.november, og potensielle leiarar vert kontakta i etterkant av dette!