4H-LANDSLEIR 2022

 

Vi har ein visjon om at alle klubbane i 4H Sogn og Fjordane skal få vere med på å arrangere storleir, og vi treng mange frivillige for å drive ein slik leir.

Difor vil vi i leirkomiteen invitere alle klubbane – med medlemmar, klubbrådgjevarar, foreldre, besteforeldre og søsken som ikkje kan vere deltakarar på leiren, til å vere med som frivillige! Vi lagar til ein frivilligcamp til overnatting heile veka.

Det leirkomiteen ynskjer er at de i klubbane gir tilbakemelding på om de vil vere med innan 1.november 2021. Det er mange arbeidsoppgåver, så alle treng ikkje gjere det same. Det er moglegheiter for å gjere litt av alt, og meir av litt til!

Når vi har fått ein totaloversikt over kva område vi treng folk, kjem vi til å sende ut ei oversikt der klubbane kan melde sin interesse for ulike oppgåver. Førstemann til mølla-prinsippet for tildeling av vakter vert gjeldande.

Litt av det vi allereie no ser for oss at vi treng hjelp med er:

  • Matservering – frukost, middag og kvelds
  • Tunvertar – vise leirdeltakarane til sine tun ved tilkomst
  • Miljøagentar – samle inn søppel rundt i leirområdet
  • Hjelpe til på aktivitetsdagen i Reedfjæra.
  • Kioskvakter
  • Vasking av sanitæranlegg – do og dusj
  • Opprigging av leiren
  • Nedrigging av leiren

 

Vi ynskjer at så mange som mogleg skal få oppleve landsleiren, og vi vil gjerne ha med dokke på laget!

 

Med venleg helsing

Hovudkomitéen for 4H-landsleir 2022 v/ Inger Margrethe E. Sørland

 

Tilbakemelding og spørsmål sendast til landsleir2022@4h.no innan 01.11.21