Har du lyst på besøk frå Sveits? 

I år kjem 23 år gamle Angela Ineichen frå Sveits til Sogn og Fjordane. Ho vil delta på Landsleiren 30. juli til 6. august. Etter det treng ho vertsfamilie fram til 18. september. 

Angela er interessert i landbruk, og liker hest og sau aller best. Vertfamilie med gard er eit ønskje, men ikkje eit krav. Ho er glad i barn, særleg over barnehagealder. 

Ho er generelt interessert i språk og snakkar tysk, engelsk og litt fransk. 

Det å vere ein vertfamilie er ei spennande oppleving. Både du og dei, får innsikt i ein ny kultur. Fristen for å melde interesse er 8. mai. Vi tar kontakt med alle som har medt interesse, og innan 15. mai må den eller dei (vi kan dele opp perioden) som skal vere vertfamilie, ha levert eit meir bindande skjema til 4H Norge sentralt.