4H Sogn og Fjordane har saman med årets arrangørklubbar bestemt å utsetje Trivselsagentsamling, Nattvolleyball og Storkurs.
Dette er kjempetrist, for vi veit mange har gleda seg til denne helga. Dette er arrangement innomhus med deltakarar frå heile fylket. Stor usikkerheit rundt Koronasmitte, gjer at 4H ønskjer å være føre var og ta omsyn til både deltakarar og frivillige.
Vi er derfor svært glade for at alle lokale arrangørklubbar i utgangspunktet er positive til å gjennomføre til hausten. Detter arbeider vi nå med å få til.
Avgjersla er basert på nasjonale forskrifter, Folkehelseinstituttet sine råd om smitteforebygging per 12.03.20, samt gjennomgang av eigen tryggleik og ønskje om å bidra til å bremse smitteomfanget.
Informasjon blir sendt ut alle påmeldte og alle samarbeidspartar i løpet av kvelden i dag, torsdag og morgon fredag.
Faktura blir ikkje sendt ut.
Har du spørsmål?
Send til sfj@4h.no
Les meir om koronaviruset på Folkehelseinstituttet sine sider.
Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. Her er Helsedirektoratets video: