Fredagen starta med at kursdeltakarane vart henta på rutebilstasjonen i Førde, før vi sette snuten mot Langeland. Med eit fullstappa bagasjerom og Taylor Swift på repeat i bilen var helga offisielt i gong. Dagen gjekk med til å bli kjent med kvarandre, læring av nye kortspel og vi starta opp kurset med å leggje fram våre forventingar til helga. 

Laurdag var det fullt fokus på kurs. 
Med tema som «kva er ein trivselsagent?»  
ROS/ROT-analyse 
grenser og å vere ein vaksen
- fullt køyr frå 10 -17. 
Heldigvis var det ikkje berre kurs, men også praktisk læring i bygging av bål og mat på bål. Vi laga oss pizza-pinnebrød og prøvde oss på popkorn på bål, med varierande hell. 
Synleggjering var òg på agendaen og det var laga til fleire innlegg som kjem ut på sosiale media etter kvart. - så følg med ? 

bålpizza     Grillkos   

      SoMe     popcorn

Kvelden vart avslutta med pakkeleiken og sosialt samvær med både song og dans.
Søndag gjekk til endå meir praktisk læring! Nemleg pakking, rydding og vasking. Deltakarane fekk òg ein evaluering som dei skule fylle ut, og attendemeldingane var relativt gode. 
Koordinatorsamlinga vart gjennomført med suksess og vi ynskjer all hell og lykke til Tare og Ingvild som skal vere trivselsagentkoordinatorar i Møre og Romsdal i 2022! 
Kanskje de som er trivselsagentar i Sogn og Fjordane møter deira agentar på landsleir på Breim på eit hypotetisk trivselstreff? ?

Koordinatorane

Tekst: Trivselskoordinator Kristin Eineteig / Bilete: 4H Sogn og Fjordane