Det er snart klart for lansering av den nye prosjektplattforma. Mange er spent på korleis dette blir. Det er vi i fylket også! Her er svar på nokre av dei spørsmåla som har dukka opp siste tida.
Kva er forskjell på Oppdragsbanken og Prosjektplattformen?
- Oppdragsbanken og prosjektplattformen er ikkje det same.
- Oppdragsbanken: Her kan du føreslå oppdrag som du ønskjer skal leggjast ut offentleg på 4h.no
- Prosjektplattformen: Dette er plattforma kor ein administrerer prosjektet. Når medlemar planlegg eit prosjekt, kan dei lage forslag til eigne oppdrag som dei ønskjer å gjennomføre. Desse oppdraga er private, og må godkjennast av klubbrådgjevar på same måte som ein gjorde med planen i prosjektet «Fritt val». Når medlemane skal sende inn prosjektet sitt til vurdering, blir det stilt spørsmål om dei ønskjer å publisere heile prosjektet sitt på 4h.no. Dersom dei samtykker til dette, er det tilsette i 4H som går gjennom prosjektet for å verifisere om det er eigna for publisering.
Kor finn vi Oppdragsbanken?
- Oppdragsbanken er lansert. Du finn den på www.4h.no/oppdragsbanken
- Det ligg nå ca 50 oppdrag der, men dette vil auke på frå veke 8/9
Kven kvalitetssikrar/sensurerer oppdrags-banken?
- Oppgåva med å følgje opp og vidareutvikle 4H-prosjekta, er lagt til ei rådgjevarstilling. Denne stillinga har noverande prosjektleiar Utvikling av digitale prosjekt, Monika Swigon, takka ja til.
Kva er forskjell på det vi i dag kallar for «krav» og det vi no kallar «oppdrag»?
- Ingenting! Oppdrag er berre meir motiverande ?
- Ein set eitt hovudmål for prosjektet. Oppdraga er dei praktiske aktivitetane du gjer som skal hjelpe deg å nå målet ditt (tenk gjerne på oppdraga som praktiske delmål).
Når blir plattformen for 4H-prosjekta lansert?
- Midten av februar
Dersom ein klubb har nokre "gamle" prosjekt og nokon vil ha digitale prosjekt. Korleis gjer ein det då med vurdering og vurderingsskjema?
- Dei medlemmene som vel å gjennomføre prosjekta etter gamlemåten, gjer akkurat som før. Medlemmene som vil bli digitale må vurderast på digital måte i portalen.
Korleis kan dømming/vurdering av prosjekta bli gjennomført i praksis? Finnes ei rettleiing?
- Det kjem eit eige hefte for vaksne i 4H. Heftet tar for seg prosjektplattformen og vurdering steg for steg.
Kan vi framleis ha eksterne folk til å vurdere prosjekta?
- Ja, men tilgangen til medlemmenes prosjekter er styrt av medlemsregisteret. Dvs. at alle som er registrert som klubbrådgjevarar i klubben vil få tilgang til å vurdere prosjekta i klubben. Dersom ein bruker ekstern vurdering, er det sett opp moglegheit for det, men då er det berre det endelege, innleverte prosjektet ekstern brukar får tilgang til. Dette for å sikre at eksterne folk ikkje får tilgang til konfidensiell informasjon om medlemane i heile klubben.
Korleis skal 4H-prosjekta presenterast på haustfestane? Ikkje alle grendehus har eit oppegåande internett.
- Etter kvart vil det bli mogleg å skrive ut prosjektet som ei pdf-fil. Det som blir skrive ut vil i praksis fungere slik dei gamle prosjekthefta fungerte. Det er altså ikkje ein plakat som kjem ut. 4H-prosjektene presenteres derfor slik ein alltid har presentert: Det er utstillinga som er hovedfokuset, og dersom medlemmet vil, kan dei leggje fram ei utskrift eller vise fram prosjektet på ein pc/nettbrett. Medlemmet må sjølv vurdere kva måte det er best å presentere prosjektet sitt på.
Er det mogleg å ha felles prosjekt?
- Ja, det er i portalen lagt opp til at medlemmer kan gjere prosjekta aleine, samarbeide i grupper eller som klubb.
- Verdt å nevne: Dersom ein arbeider i gruppe er det EiN person som oppretter prosjektet. Deretter legg denne personen til andre gruppemedlemmer. ETTER å ha lagra, vil dei andre gruppemedlemmene ha tilgang til prosjektet på same måte som den som oppretta prosjektet. Det same gjeld for klubbprosjekt.
Før har vi hatt avtale med foreldre. Er dette no kutta ut?
- Ja, avtale med foreldre er lagt inn i prosjektplattforma. .
Er det mogleg å kombinere – samarbeide om nokon oppdrag, men gjere andre aleine?
- Nei, i prosjektplattformen må ein anten velje å gjennomføre heile prosjektet i lag med andre eller aleine. Det er sjølvsagt ingenting i vegen for at de likevel samarbeider utan at dette blir registrert i plattformen.
Ein kan legge inn eigne oppdrag i prosjektplattforma. Må desse godkjennast før prosjektarbeidet startar? Avgjer ein nivå/farge på oppdraget sjølv?
- Ja, og klubbrådgjevar godkjenner. Når prosjektet er ferdig, får du spørsmål om du vil at prosjektet skal publiserast i Oppdragsbanken.
- Det er laga ei rettleiing for kor mange oppdrag hhv. aspirantar/juniorar og seniorar bør gjennomføre (erstattar «krav»). Den finn du på informasjonssidene
Kor mange oppdrag må ein ha for å få godkjent eit prosjekt?
- Dei tre grå boksane indikerer kor mange oppdrag det er anbefalt at ein aspirant/junior/senior gjennomfører i løpet av eit år. Sidan ein berre kan gjennomføre 1-15 oppdrag i løpet av eit år, betyr det at det berre er aspirant som i praksis kan gjennomføre berre gule oppdrag, mens dei andre må utfordre seg sjølv litt meir. Hugs at det uansett alder kan bli for mange oppdrag.
- Her er eit døme:
- Aspirant: Kan gjennomføre 14 gule, eller ein blanding av dei ulike fargane (eks. tre grøne og to gule; eller ein blå og to gule).
- Junior: Kan gjennomføre f.eks. ein blå og to grøne
- Senior: Kan gjennomføre f.eks. to blå og to grøne
- Det er heilt greit å gjere litt meir dersom ein vil (eks. at en junior gjennomfører to blå oppdrag).
- OBS! Boksane indikerer berre anbefalt tal oppdrag i eit prosjekt. Til sjuande og sist er det klubbrådgjevaren som må godkjenne kor mange oppdrag som er «nok» for eit medlem. Klubbrådgjevaren kjenner medlemmene sine best.
Skal prosjektet ha eitt eller fleire mål?
- Det er medlemane som set både tittel og mål for prosjektet. Oppdraga blir delmål og vegen til hovudmålet.
- Eit prosjekt kan til dømes ha tittelen «Friluftsliv» og hovudmålet «Eg ønsker å lære meir om friluftsliv og å bygge bål».
- Eit oppdrag bør ha meir målbare og konkrete mål, til dømes «bygg eit bål», «lære å bruke kart og kompass», «dra på telttur». Hugs at oppdraga skal skape meistringsfølelse!
Må alle oppdrag som ei vel vere innan same kategori (helse, kultur, osv)?
- Nei, men prosjektet må ha eitt hovudmål og felles tittel. Det bør vere samsvar mellom tittel, hovudmål og innhald.
Må klubbrådgjevar godkjenne eventuelle endringar i planen?
- Ja
Korleis bør vi gjennomføre prosjektval nå når hefta er digitale?
- Haustfesten er god inspirasjon for medlemane.
- Oppdragsbanken
- Dei gamle prosjekthefta
- Kanskje kan ein lage ei liste over tema som medlemar tidlegare har brukt?
- Bruk fantasien. Få inspirasjon frå naboklubbane
Korleis vil vitnemåla sjå ut?
- I prosjektplattformen vil det alltid vere tilgjengeleg ei oversikt over kva oppdrag og prosjekt du har hatt opp gjennom åra.
- Vitnemålet er uendra med oversikt over alle prosjekttitlane og verva ein har hatt i løpet av perioden.
Må vi legge inn prosjekta i medlemsregistret i tillegg til den digitale prosjektplattformen? Er fristen framleis 1. mars for registrering?
- Dersom de gjennomfører prosjekt på «gamlemåte» skal desse registrerast i medlemsregistret slik som før.
- Dei digitale prosjekta blir automatisk registrert i medlemsregisteret (synkronisering med prosjektplattformen)
- Fristen (1. mars) er i utgangspunktet den same. MEN på grunn av lansering i midten av februar vil fristen i 2020 ikkje vere så viktig. Det er likevel viktig at alle prosjekt er registrert før sommaren. Dette fordi klubben skal tinge merker + fylket skal trykke vitnemål og plakettar.
Kor kjem vi til å finne oppdragsbanken og innlogging til prosjektplattformen?
- På 4h.no. Klikk på menypunktet «for 4Here»
- Det vil i tillegg kome ei lenke øverst på den grå linja (der du logger deg inn på Min side) som tar deg direkte til prosjektplattforma.
Her kan du lese meir om oppdragsbanken og prosjektplattforma