4H-klubbane kan søkje om støtte til følgjande tiltak frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane via 4H Sogn og Fjordane: Dette er prioritert rekkefølgje i gåvetildelinga:

 

  1. Støtte til lokal 4H-leir. Leiren skal vere open for alle som vil delta og gjennomførast med tanke på miljø, klima og berekraft. Born i alderen 10 år og oppover må kunne delta. Ein får støtte på kr. 6000,- og ein «leirpakke» med t-skjorter til alle på leiren og nokre kjekke 4H-effektar som de kan bruke til t.d. premiar under leiren.
  2. Støtte til kjekke tiltak som er opne for allmennheita og som bidreg til synleggjering av 4H-klubben. Øvre søknadssum er kr. 10 000,-
  3. Støtte til andre spennande prosjekt i 4H-klubben. Øvre søknadssum er kr. 10 000,-.

Noko av midlane frå Sparebankstiftinga går til å betale plakettane til alle som mottek denne i 2020, samt til fylkesprosjektet «Fritt fram i friluft».   

 

Bruk det vedlagde søknadsskjemaet og send søknaden på e-post til Hilde Sværen, organisasjonsrådgjevar, hilde.svaren@4h.no innan 1. juni 2020.

 

Søknadene blir handsama av fylkesstyret i juni 2020, og de får melding om de har fått støtte i løpet av juni. Alle som får støtte pliktar å sende inn ein kort rapport (2-3 setningar) og bilete som syner kva midlane er brukt til på e-post til Hilde. Biletet og rapporten kan bli brukt på 4H Sogn og Fjordane si Facebook-side, nettside eller i medlemsbladet.