Om Friluftslivets uke:

Friluftslivets uke er ei landsdekkande årleg feiring av friluftslivet. Det er Norsk Friluftsliv og deira 18 medlemsorganisasjonar som står bak uka. Friluftslivets uke blir arrangert over heile landet kvart år, første veka i september. 

Les meir.

4H-klubben din kan få kr 5000 til aktivitet

Lokale lag og foreningar som høyrer til Norsk Friluftsliv sine 18 medlemsorganisasjoner (4H Norge er medlem) kan søke om eit tilskot på opptil 5000 kroner. Dette skal gå til å dekke kostnader for å arrangere ein aktivitetsdag under Friluftslivets uke 3.-11.september.

Totalt skal det delast ut kr 200 000 kroner, gitt av Frivillighetens år 2022.

Kriterier for tildeling:

- Arrangementet må vere ope og gratis for alle*
- Arrangementet skal registrerast i aktivitetskalenderen for Friluftslivets uke – slik at det blir lett å finne for alle. Kalenderen blir marknadsført bredt over heile landet gjennom sosiale medier, Google og lokalaviser.
- Arrangementet blir merka/marknadsført som ein del av Friluftslivets uke

*alle arrangement i 4H er pr definisjon opne. Dette betyr at dersom andre enn medlemmer vil delta, seier vi ikkje nei. 

Det er kjempefint om 4H-klubben samarbeider med andre lokal lag og foreningar om arrangementer under Friluftslivets uke – men dette er ikkje eit krav for å få støtte. 
 

Søknadsfrist er søndag 21. august.

Søknader blir godkjent fortløpande. Her er det førstemann-til-mølla-prinsippet som vil gjelde.

Dette må den kortfatta søknaden innehalde:
- Informasjon om arrangør
- To linjer om type arrangement og kvifor de treng støtte til dette
- Namn på staden kor fellesarrangementet skal haldast
- Informasjon som trengs for utbetaling: Organisasjonsnamn, organisasjonsnummer, adresse, kontonummer og kontaktperson med telefonnummer.

Send søknaden til: peter@norskfriluftsliv.no

Døme på arrangement som blir støtta:
- opne aktivitetsdagar (vanleg klubbaktivitet)
- opne fellesleirar i samband med #nattinaturen lørdag 3. september (den årlege kvelden kor heile Norge blir invitert til å sove ute)
- opne fellesturar
- opne kurs
- Fellesturer i anledning Tur med mening 9.-11. september (lavterskeldugnad for naturen – les meir på fuke.no)
- Arrangement og aktivitet som har til særleg hensikt å inkludere nye grupper i friluftslivet. Kanskje de kan invitere nokon som nettopp har flytta til nærmiljøet?