4H Sogn og Fjordane var så heldige at vi vart invitert til eit klubbmøte hos Bergkrystallen 4H 4.november. På programmet stod informasjon til nyfikne 4H-arar og foreldre, bålpizza, smoothiesykkel og møt ein trivselsagent. 
Aktiviteten var høg frå fyrste stund og spørsmåla frå dei vordande 4H-medlemmane var gode! 
Veit du kanskje kvifor 4H vart starta opp? 
Det ville dei unge lovande vite meir om, og den utfordringa tok vi på strak arm med supplering frå foreldra på bakre rad.

Den mest populære aktiviteten var desidert å sykle sin eigen smoothie og alle som hadde lange nok bein hadde moglegheita til å prøve syklinga. Dei som ikkje sykla fekk vere med sine nye og gamle klubbrådgjevarar ut og lage seg ein liten pizza på bålpanne. Når maten var laga og smoothien sykla var det leiking med trivselsagenten som lokka. Dei eldre medlemmane fekk prøve seg som ninja, medan den yngre garden hadde det kjekt med å springe rundt dei store og rundt i gymsalen. 

På slutten av møtet kunne ein særs nøgd trivselsagent halde fram vervelappane til dei heile 14 nye 4H-medlemmane i alderen 4-14 år!

Takk for oss og vi ynskjer Bergkrystallen 4H lukke til ?