Det var klubbane Steintøff 4H og Nausta 4H som hadde meldt seg på.

Samlinga starta med info og litt mat før vi hadde dialogmøte med klubbstyra og dei andre deltok i leik og aktivitetar i gymsalen.

Naustdal Røde Kors hadde førstehjelpskurs for oss med HRL, behandling av skader og ei fingert trafikkulukke der alle fekk prøve seg som skada, hjelpemannskap og observatørar. Veldig nyttig og lærerikt.

Fingert ulukke

Til slutt kosa vi oss med pizza og brus. Alle tykte det hadde vore ei kjekk samling og dei ville gjerne kome på fleire.

Pizza