Mange av oss var nok ganske spente, då me ikkje hadde vore på eit 4H-arrangement sidan pandemien kom til Noreg. Det var det liten grunn til, for alle arrangørar og deltakarar 
møtte opp med godt humør som smitta. 
Laurdagen stod me opp klare for ein fin dag i Jølstra-elva. 
Rafting var både skummelt og gøy, og det var store smil på samtlege då me gjekk ut av båtane og inn i bussen for ein ny runde. 
Dagen blei avslutta med tema-middag «ikkje lov å le», og mafia-leik på hyttene. 

SOFA takkar for ei kjekk helg med deltakarar 
frå både Sogn og Fjordane og Hordaland, 
og me gler oss til neste samling! 
 

SOFA

 

Psst!
N4HA arrangerer gratis aktivitetshelg / innspelsmøte
med surfing på Borestranda 19. – 21. november!