Hei!

Namnet mitt er Astrid, eg er nett fylt 60 år og er nytilsett som organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane.

Eg skal jobbe 80% stilling og har kontorplass på 4H sitt kontor i Førde.

Mine arbeidsoppgåver vil vere å leggje til rette for og vere ein støttespelar til leiarar og klubbar i høve til alle dei ulike aktivitetane som 4H har for barn og ungdom.

Det er ein spanande jobb og eg gler meg veldig til å komme skikkeleg i gang.

 

Eg bur åleine i Florø heilt nede ved sjøen og eg har ein vaksen son som bur i Bergen. På fritida mi likar eg å gå turar, symje, delta på quiz og strikke. Ellers likar eg å vere saman med familie og vener.

 

Då sjåast vi !

 

Med helsing

Astrid