Teater Vestland tilbyr rådgiving og tilrettelegging for amatørteater!

Dette er eit kulturtilbod til teaterinteresserte i form av kurs og kompetanseheving for barn, ungdom og vaksne i gamle Sogn og Fjordane Fylke. Det er eit prøveprosjekt avgrensa til kommunane Nordfjord, Sunnfjord, Indre- og Ytre Sogn. Prosjektet er støtta av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga og Vestland Fylkeskommune.

Tiltaket ynskjer å gi eit tilbod i form av kurs og hjelp innan profesjonelle rammer til oppstart av amatørteater for barn og unge med genuin nyfikenheit og interesse for song, dans og teater. Teater Vestland vil som ein del av dette kunne låne ut disponibelt scenisk utstyr.

 

Kan dette vere noko for klubben DIN?  Så send oss ein mail på sfj@4h.no

 

Førstemann til mølla!