4H Sogn og Fjordane treng flinke vaksenleiarar både til arrangement lokalt, i fylket og nasjonalt. Derfor syt vi for at nokon frå fylket vårt deltar kvart år på fylket si rekning. Har du lyst til å delta?
Målgruppa for vaksenleiarkurset er vaksenpersonar, som blir sett som ressurspersonar i fylket; eks. alumnar, klubbrådgjevarar og engasjerte føresatte.
På kurset får deltakarane kunnskap om grunnleggande førstehjelp og psykososial førstehjelp. Ein får også tips og og triks, som er relevante for leir og kurs. På vaksenleiarkurset er det også erfaringsutveksling. Målet er at deltakarane skal bli trygge nok til å takle utfordringane ein kan møte på som vaksenleiar på 4H-arrangement.
Vaksenleiarkurset blir arrangert av Norske 4H-alumner og er opent for alle.