Amalie Vie Jakobsgaard er den nye organisasjonsrådgjevaren i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Hovedfokuset til Amalie blir i første omgang Storkurs i begge fylker. Du finner ho på kontoret til 4H i Førde!
 
Som organisasjonsrådgjevar i begge fylker skal Amalie balansere ein 100% stilling fordelt på 50% i kvart fylke. Jakobsgaard tiltrådde stillinga 04.06 og er difor heilt fersk. 
 
Amalie er ei tilpassingsdyktig vestlandspotet, og har erfaring frå ulike bransjar. Ho gler seg veldig til å bli betre kjend med 4H og menneska i organisasjonen. Amalie har sjølv ikkje vore ein 4H-ar, men håpar at ho saman med medlemmar og frivillige, kan "lære ved å gjere".  
 
Sjølv om ho ikkje sjølv har erfaring frå 4H, har ho vore engasjert i forskjelleg frivilligt arbeid i si ungdomstid. Amalie har vore elevrådsrepresentant, elevrådsleiar, medlem i ungdomens bystyre i Førde (Sunnfjord) og fylkesstyremedlem i Elevorganisasjonen, for å nemne noko.  
 
Etter vidargåande tok ho eit årsstudium i Kunst og Håndtverk i Notodden. Amalie fekk seg ein dansk kjæraste. Ho flytta til Odense, i Danmark og blei gift. I Danmark fekk ho tatt nokre semester med sjukepleie før ho gjekk på barsel.   
 
I fem år budde dei i Danmark før dei kom heim til Noreg, og til det fagre vestlandet. Ein gong ein vestlending, alltid vestlending.  
 
I seinare tid har dei fått jente nummer no. Så no har dei Frederikke (2år) og Mathea (4år), som kanskje ein dag veks opp til å bli ein del av 4H? Uansett må dykk ta godt imot Amalie!