Laurdag 09. sept.2023 Kl. 10.00 – 16.00

Stad: Draumeplassen, Flåm

På kurset får du lære korleis å lage naturleikeplassar på naturen og ungar sine premissar, og korleis dette kan gjerast med enkle og rimelege hjelpemidlar.

Du lærer om ulike typar trehusker og karusellar, zipline, klatreveggar, hytter, mm. Friluftsakademiet har med alt av utstyr ein treng til å bygginga.

Kurset tek utgangspunkt i bøkene «Lag en naturlekeplass» og «Endring med natur - i barnehage og skole», som bygger på Norsk standard for lekeplassutstyr.

Kursinstruktør Tor Egil Bagøien frå Friluftsakademiet har hatt mange kurs landet over med fokus på nærnatur og bygging av naturleikeplassar. Han har og lang erfaring frå undervisning i barnehage- og lærerutdanning.

Sjå også: www.friluftsakademiet.no Det blir utdelt kursbevis etter fullført kurs.

 

PRAKTISK INFO

Kursavgift: kr. 1200,- inkl. varm lunsj og drikke

Påmeldingsfrist: 01. september 2023

Kontaktperson: Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry.b.moerk@gmail.com

Kursarrangør: Draumeplassen i samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark