«Det er så kjekt å avslutte eit elles digitalt 4H-år med å sjå så mange blide fjes fysisk her i dag» seier Eirik Hortemo Vikøren, attvalt leiar for fylkesstyre i 4H Sogn og Fjordane.
Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane vart gjennomført sundag 13. februar, og bort i mot 50 engasjerte deltakarar stilte med smil og glede på Thon Hotel Jølster.
«På tross av endå eit koronaprega år fekk eg vitna god aktivitet og høgt engasjement rundt om kring i heile fylket vårt i året som har gått, engasjerte og flinke fylkesstyremedlemmar og godt samarbeid med våre tilsette på kontoret.» fortel Eirik.
Året 2022 skal bli fylt med aktivitetar i fylket. Vi fekk denne helga gjennomført både styrekurs for 4H-arane og inspirasjonssamling for dei vaksne dagen før fylkesårsmøtet. I 2022 har vi planlagt storslagen plakettfest for kulla 2020 og 2021, i tillegg til Storkurs og Trivselsagentsamling og ikkje minst 4H-landsleir på Breim.
«Vi takkar våre 2 engasjerte og sprudlande styremedlemmar som no går av, og gler oss til å ynskje velkomen til dei 2 nye. Vi er ein god gjeng med medlemmar og klubbrådgjevarar frå heile fylket.» smiler Eirik.
Han legg til: «Dette vert eit utruleg inspirerande år, då spesielt med tanke på landsleiren på Breim – der vi i 4H Sogn og Fjordane står som arrangør.»
Fylkesstyre for året 2022
|
Namn |
Klubb |
Alder |
Kommune |
Leiar |
Eirik Hortemo Vikøren |
SOFA |
34 |
Sogndal |
styremedlem |
Camilla Nesheim |
Troda 4H |
37 |
Stad |
styremedlem |
Isak Nordgulen |
Blåklokka 4H |
19 |
Sunnfjord |
styremedlem |
Kristin Eineteig |
SOFA |
20 |
Sogndal |
styremedlem |
Thea Ølnes Andersen |
Bergrosa 4H |
17 |
Luster |
1 vara |
Hilde Berit Hylland |
Nausta 4H |
41 |
Sunnfjord |
2 vara |
Mariann Kvalheim Thorsnes |
Fjordljos 4H |
32 |
Sogndal |
3 vara |
Nicolai Sandnes |
Eggenipa 4H |
15 |
Gloppen |