I november er det årsmøte i 4H-klubbane og i februar er det årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. På årsmøtet diskuterer og stemmer ein over kva som skal skje framover. Men kven avgjer kva saker som skal opp?
Korleis melde inn ein sak til årsmøtet i klubben?
På eit årsmøte i klubben kan innkallinga og sakslista sjå slik ut:
I klubben har alle medlemmane stemmerett på årsmøtet.
Dersom du som medlem har ein ide eller noko du meiner klubben må diskutere på årsmøtet, må du melde dette til styret minst 5 dagar før årsmøtet. Dette står i vedtektene (lovene) for 4H-klubbar. Din sak vil då bli tatt opp under sak nr. 6 (sjå bilete).
Korleis melde inn ein sak til årsmøte i 4H Sogn og Fjordane?
På årsmøtet i klubben blir det avgjort kven av medlemmane som skal ha stemmerett på fylkesårsmøtet (sjå sak 9c på bilete over). Ofte blir desse kalla for utsending, delegat eller årsmøterepresentant.
Årsmøtet skal i følge vedtektene handsame desse sakene:
- Val av referent til å føre protokollen
- Val av to (2) representantar til å skrive under protokollen saman med ordføraren
- Forretningsorden for årsmøtet
- Årsmelding frå fylkesstyret
- Revidert rekneskap
- Prinsipielle spørsmål reist av landsstyret, eller saker som klubbane eller fylkesstyret ønskjer å drøfte. Slike saker skal vere komne til fylkesstyret seinast tre (3) månader før årsmøtet.
- Arbeidsplan
- Budsjett
- Tilsetjing av revisor
- Val
Mange vel å dele opp sakene, og saklista kan derfor sjå litt annleis ut.
Vedtektene til fylket seier at desse har rett til å senda inn saker til fylkesårsmøtet:
- 4H-fylkesstyret
- 4H-klubbane
- medlemsorganisasjonane
- dei valde årsmøterepresentantane (frå klubbane)
Fristen for å sende inn saker til årsmøtet i fylket er i følge vedtektene 3 månader før møtet. Dersom de til dømes på årsmøtet i klubben kjem på ein sak, skal de likevel ikkje nøle med å sende den til styret!