4H er ein av dei største barne og ungdomsorganisasjonane i landet, med til saman 11 000 medlemmer og 500 klubbar i heile landet.  

- Målet vårt er å skape aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Gjennom sosiale, varierte og lærerike aktivitetar, skapar vi ein flott fritidsaktivitet for born og ungdom over heile landet. Vi er mykje i naturen, lærer om  landbruk og bidreg i lokalmiljøet. I 4H legg vi stor vekt på å ha rom for alle som ynskjer å vere med, vi har ingen reservebenk i 4H, fortel Nesheim. 

4H i Sogn og Fjordane arrangerte Landsleiren på Breim sommaren 2022. Dette vart eit vellukka arrangement, som har ført til positive ringverknader for organisasjonen vår. På årsmøtet i helga blei det vedtatt ein ambisiøs handlingsplan for dei to neste åra.  

- Det er kjekt å sjå at medlemmane våre engasjerer seg, dei tek ordet på årsmøtet og er med på å bestemme kva vi i 4H Sogn og Fjordane skal arbeide med fram over. Medlemsvekst og inkludering vil stå i fokus framover. Det å få alle med er utruleg viktig, her kan vi som frivillege legge mykje til rette for deltaking, dette er fokusområde eg gler meg til å arbeide med framover, seier Nesheim. 

Fylkesstyret for året 2023 består av: 

Leiar: Camilla Nesheim frå Troda 4H – Nordfjord  

Styremedlem: Cathrine Helen Ravnøy-Ulvnes frå Nausta 4H - Naustdal  

Styremedlem: Nicolai Sandnes frå Eggenipa 4H - Gloppen

Styremedlem: Thea Andersen frå Bergrosa 4H - Luster 

Styremedlem: Trond Arild M. Austgulen frå Skogkløver 4H – Sunnfjord 

Varamedlem: Dianne Jorunn Eikås frå Trekløveret 4H – Stad

Varamedlem: Ingebjørg Halset frå Kjernen 4H - Sogndal 

Varamedlem: Karoline Solheim frå Eikås 4H - Jølster

 

Kontaktinfo:  

Styreleiar: Camilla Nesheim   97 01 81 33      leiar.sfj@4h.no 

Regionleiar for 4H i vest: Synnøve Jørgensen 960 96 773 synnove.jorgensen@4h.no