Camilla Unemo. Privat foto
Vi må å ha god kapasitet til å følge opp klubbane, arrangementa og prosjekta våre også i Landsleir-året 22. Derfor har vi no tilsett ein ekstra ressurs på kontoret. Dette er Camilla Unemo.
Camilla er tilsett som organisasjonsrådgjevar i 60% stilling frå 1. januar til 31. september 2022. Medan Helene og Kari Anne kjem til å bli involvert meir i Landsleir no framover, skal Camilla arbeide med arrangementa, prosjekta og ikkje minst oppfølging av klubbane.
Vi ønskjer Camilla velkomen og gler oss til januar!