Bergrosa 4H har gjort mykje kjekt i 2019. Klubben hadde 16 klubbmøte og 4 styremøte, og har delteke på fylkesarrangement og samarbeidd med andre 4H-klubbar. Bergrosa 4H har mange av aktivitetane sine på naturmøteplassen i Hanaskjeren, men har også aktivitetar på Gaupne skule. 

Noko av alt det morosame Bergrosa 4H har gjort er akekveld, besøkt Lustrabadet, skyting på skytebana, overnatta i Hanaskjeren, «rafta» med gummibåtar i Enjadalselva, delteke på Haustmarknad i Parken, hatt filmkveld og adventsverkstad.

Bergrosa 4H var også ein av klubbane som arrangerte fylkesleir på Hafslo i juni 2019. Det var eit samarbeid med Hafslovatnet 4H.

 

Fylkesstyret kårar kvart år Nordfjord-, Sunnfjord- og Sognemeister. Av desse tre blir ein vald til Årets 4H-klubb. Under kåringa vert det teke omsyn til mellom anna aktivitetar, tilskipingar for klubben og andre og deltaking på arrangement utanfor klubben. Årsmeldingane til klubbane er grunnlaget for kåringa. 

Nordfjord-, Sunnfjord- og Sognemeister

Nordfjord: Fjellrosa 4H, Snøklokka 4H og Troda 4H var dei klubbane i Nordfjord som synte størst aktivitet i 2019. Troda 4H vart kåra til Nordfjordmeister 2019.

Sunnfjord: Framsyn 4H, Skogkløver 4H og Von 4H var dei klubbane i Sunnfjord som synte størst aktivitet i 2019. Framsyn 4H vart kåra til Sunnfjordmeister 2019.

Sogn: Bergrosa 4H, Fjærland 4H og Ungbjørka 4H var dei klubbane i Sogn som synte størst aktivitet i 2019. Bergrosa 4H vart kåra til Sognemeister 2019 og Årets klubb 2019.