Årsmøte i klubben

På side 13, 14 og 15 i heftet "året rundt" finn du rettleiing for korleis klubben kan gjennomføre eit godt årsmøte. 

Årsmøtet skal skje i løpet av november, og i god tid før årsrapporteringsfristen 1. desember. 

Ta gjerne kontakt med 4H-kontoret dersom de treng rettleiing. 

Plan for det neste året

På årsmøtet vert årsplan vedtatt. Dette kan vere ein detaljert plan eller ei enkel liste over aktivitetar som klubben vil gjennomføre det neste året. Finn ein god måte å få inn forslag frå medlemmane. 

Det nye styret bør på fyrste styremøte lage eit årshjul for klubben. Fordel ansvaret for dei ulike aktivitetane og oppgåvene som skal gjerast. Hugs at også andre enn styret bør få ansvar!

Medlemmar

Kva skal til for at born og unge i nabolag vil vere med i 4H-klubben vår? Styret eller heile klubben bør diskutere dette no. Sett gjerne opp ei liste over positive ting. Dersom medlemmane har tilgang til mobiltelefon eller datamaskin, kan ein til dømes bruke www.mentimeter.com. Dette kan gjere det enklare å få nye medlemar og ikkje minst halde på dei vi har.  

I januar og februar er tida for å oppdatere lista over medlemmar i medlemsregistret. 1. februar tar 4H Norge ut ei liste. Alle medlemmane som er på lista, vil få faktura for medlemskontingent.

Kontaktinformasjon og tilgangar

Det er viktig at kontaktinformasjon til klubbstyret blir oppdatert til dømes i Brønnøysundregistrene, medlemsregistret til 4H, på heimeside, ungfritid.no og sosiale media. Slik kan styret motta informasjon og andre kan få kontakt.  

Å ha eit verv vil ofte seie at du har tilgang til administrasjon av til dømes sosiale media. Hugs å gje tilgangen vidare. I medlemsregistret til 4H heng dette saman med verva som blir lagt inn. 

Førebu oppstart av nye 4H-prosjekt 

Systema til 4H følger kalendaråret. Det betyr at vi ikkje kan registrere nytt 4H-prosjekt før 1. januar. Bruk tida før jul til å finne ut kva medlemmane i klubben har lyst til å jobbe med. Kanskje det er tid for eit fellesprosjekt? Mykje nytt er tilgjengeleg i oppdragsbanken til 4H.