Søk om støtte til VÅR DAG-arrangement. Søknadsfrist 17. oktober.
2022 er Frivillighetens år!
Då skal vi feire Noregs viktigaste lagarbeid! Kvar organisasjon kan velje seg dgen sin i løpet av 2022, der merksemda rettast konkret mot den aktuelle organisasjonen.
4H sin dag er 7. mai – når vi skal sove Under open himmel. Då kan vi vise fram formålet vårt og aktivitetane våre over heile landet. Vi håpar mange klubbar gjer litt ekstra stas denne dagen, gjerne med eit opent arrangement der ein òg inviterer med born og unge som ikkje (endå) er medlemar og/eller gjer ting som gjer 4H synleg i nærmiljøet.
Søk støtte til VÅR DAG-arrangement
Sparebankstiftelsen DNB støttar VÅR DAG-kampanjen. Fem millionar kroner skal delast ut i støtte til lokale arrangement. Maks søknadsbeløp per arrangement/markering vil vere 25 000 kr.
Søk støtte til Vår DAG-arrangement (søknadsportal)
Rettleeing til registrering/søknad VÅR DAG.
Korleis søker eg støtte til VÅR DAG?
NB! Søknadsfrist er 17. oktober 2021!