4H-klubbane i Sogn og Fjordane har motteke kr 583 400 i Frifond driftsstøtte for 2019!
Frifonds midlar er pengar frå Norsk Tipping som skal gå til å skape ny lokal aktivitet eller styrke den lokale aktiviteten som allereie er der. For 4H sin del betyr det at både eksisterande og nye 4H-klubbar kan få støtte, så lenge pengane vert brukte til aktivitet i 4H-klubben.
Kven kan motta frifond-støtte?
- Klubben må ha minst 5 teljande medlemmer. Eit teljande medlem er ein person som er under 26 år, og som individuelt og frivillig har meldt seg inn i klubben.
- Klubben må ha eigen konto, registrert i klubben sitt namn, ha organisasjonsnummer og vere registrert i Frivillighetsregisteret for å få utbetalt støtte.
- Klubben kan ikkje motta Frifondstøtte fra meir enn ein organisasjon i tilskots året. Det betyr at dersom ein søkjer om Frifondstøtte gjennom 4H, kan ein ikkje søkje Frifondstøtte gjennom ein annan organisasjon.
- Klubben må ha levert årsmelding, signert årsrekneskap (kasserer og revisor) innan fristen 15. desember året før
- Klubben må ha levert årsrapport i medlemsregistret innan fristen 15. desember året før.