Dianne 

Dianne Eikås. Foto: Privat 

Dianne Eikås

Dianne er klubbrådgjevar i Trekløvret 4H, samt ordførar på fylkesårsmøte. 

Dianne har vore engasjert i 4H i mange år. Ho arrangerer leirer og 4H-aktivitetar. Ho er guruen vår i 4H, og arbeidet ho har lagt ned lokalt i Nordfjord er uvurderleg. 

 

Tre spørsmål til Dianne

Korleis kom du inn i 4H?  

Eg vaks opp i Kjølsdalen, som hadde sin eigen 4H-klubb. Mange av ungdommane der var medlemmar, og det blei heilt naturleg for meg å bli med saman med dei andre. Eg trivs veldig godt, fullførte og fekk plaketten.

Kva er det viktigaste med 4H? 

Det viktigaste er kanskje dei demokratiske prosessane ein lærer gjennom å vere med i 4H. I tillegg er det kjekt med ein ungdomsorganisasjon der barn og unge frå 10-18 år trivest og jobbar så godt i lag. 

Kva er ditt beste 4H minne? 

Har utruleg mange fine minner frå 4H. Frå oppveksten må det vere mange fine turar på fjellet med overnatting med 4H og ein legendarisk havfisketur vi hadde utanfor Stad. Som vaksen er det nok arrangement med internasjonal utveksling som set djupast spor. Det er kjekt å sjå korleis ungdommar frå ulike land møtest, blir kjent med kvarandre og startar byggje venskap over grenser.

 

 

camilla  

Camilla Nesheim. Foto: Privat 

Camilla Nesheim

Camilla er klubbrådgjevar i Troda 4H, og sit i fylkesstyret. 

Camilla er superengasjert som klubbrådgjevar i Torda 4H, i tillegg sit ho i fylkestyret og gjer ein kjempebra jobb der. Ho aktiviserer barn og unge med all slags aktivitetar gjennom heile året, og skapar gode opplevingar, ikkje berre for dei i klubben, men for alle i nærområdet. Med sitt gode humør og omsorg er ho eit godt førebilde for mange.  

 

Tre spørsmål til Camilla

Korleis kom du inn i 4H?

Eg vart med i 4H som 10-åring, og har mange kjekke minner frå flotte opplevingar i Hestehoven 4H gjennom heile plakettløpet. Når mine eigne ungar var gamle nok til å bli med i 4H, var det ingen 4H-klubb der vi budde. Heldigvis var 4H-kontoret på leiting etter folk som ville starte opp, og eg var ikkje vanskeleg å be. Så no tek eg fatt på tiande året som klubbrådgjevar i Troda 4H.

Kva er det viktigaste med 4H?

Det viktigaste er samhaldet, det at alle er god nok og at vi har plass til alle. Det å kunne laga opne og inkluderande aktivitetar og få verkeleg alle med, uavhengig av økonomi eller andre utfordringar, er noko av det eg brukar mykje tid på. Ein fritidsaktivitet som ikkje er konkurransebassert, der medlemmane får bestemme sjølve kva dei vil styre med, der ein jobbar på tvers av alder og gjere kvarandre flinke. Ein lærer så mykje nyttig i 4H, både som medlem og klubbrådgjevar. 

Kva er ditt beste 4H-minne?

Det er vanskeleg å velje, det er mange og det skjer så mykje kjekt heile tida! Det som betyr mykje for meg er alle dei fine opplevingane eg får saman med 4H-arane, og ikkje minst kommentarane dei kjem med innimellom. Eg elskar å sjå at dei trivst og har det kjekt når vi er i lag, når smila sit laust og du ser den ekte 4H-gleda. Det å kjenne at 4H-arane er trygge på meg, dei opnar seg og ynskjer å snakka med meg, både om meistring og det som ikkje er så enkelt, er ei stor tillitserklæring. 

 

landsleir

Inger-Margrethe Sørland, Jan Robin Aaland, Tone Margaret Ødegård, Eivind Bell, Lene Førde, Kristin Eineteig, Eirik Førde og Berit Ellefsplass Sørland. Foto: Privat 

 

Hovudkomiteen for Landsleiren 2022

Hovudkomiteen for Landsleiren har hatt sine utfordringar med pandemi, skaffe sponsorar og med sjukdom på kontoret. Likevel har dei med friskt mot tatt fatt på oppgåva, med godt humør, lagarbeid og positiv energi. Dei har vist omsorg for kvarandre og kommunisert godt både seg i mellom og med andre heile vegen. Fantastisk prestasjon!   

 

Tre spørsmål til leiar av Hovudkomiteen Inger-Margrethe Sørland

Kvifor ville du bli med i Hovudkomiteen for Landsleiren?

Eg ville bli med i Hovudkomiteen fordi det var eg som tok initiativ til å sende søknaden om leiren. Eg har alltid følt at dette var mi hjertesak i 4H og ville følge det frå start til slutt.

Kva er viktigst med 4H?

Det viktigste med 4H er at det er ein arena utan innbytarbenk. Vi er ein organisasjon utan press til å prestere. 

Kva er det finaste minnet frå Landsleiren?

Det finaste minne frå Landsleiren er konserten med Grøftekarane. 

 

Vinnaren blir annonsert på Frivillighetens dag den 5. desember.